Minst 50 drepne i Nigeria
Minst 50 menneske er funne drepne i landsbyar i den nordlege delstaten Kaduna i Nigeria, melder lokale tenestemenn. Truleg er det snakk om ein hemnaksjon mot personar som visstnok skal ha hjelpt dei militære i jakta på bandar som herjar landsbygda.