Pompeo møtte Salman i Saudi-Arabia
Utanriksminister i USA, Mike Pompeo, møtte torsdag den saudiarabiske kong Salman i Saudi-Arabia. Dei skal diskutere spørsmål om tryggleik knytt til Iran. Før han reiste sa Pompeo at han også ville ta opp spørsmål om menneskerettar i Saudi-Arabia.