Gjetarar drepne av Boko Haram
19 gjetarar er drepne av islamistgruppa Boko Haram nordaust i Nigeria, melder AFP. Opprørarar forsøkte å stele kveg frå gjetarane, som då følgde etter opprørarane. Etter kampar mellom dei tok islamistane seg inn i byen att, der dei sette fyr på hus.