Tre drepne av bombe i Nepal
Tre menneske, inkludert ein politimann, blei drepne då ei bombe eksploderte sør i Nepal laurdag. Det melder AFP. Bomba skal ha gått av då politiet kom til staden for å etterforske ein mistenkeleg gjenstand. Det er førebels ukjent kven som står bak.