Vurderer Baneheia-saka på nytt
Gjenopptakingskommisjonen skal vurdere om saka til drapsdømde Viggo Kristiansen skal takast opp på nytt. Advokaten hans, Arvid Sjødin, meiner det er nye bevis i saka. Det er uvisst om kommisjonen blir ferdig i løpet av dei to dagane som er sett av.