40 skadde i Slovakia
Meir enn 40 personar er skada i Slovakia, etter ein gasseksplosjon i ei stor bustadblokk. Det melder nyheitsbyrået AP. Minst fem er døde, og bygget står framleis i fare for å kollapse, seier det lokale brannvesenet. Dei har redda ut fleire personar.