37 døydde i arbeidsulykker i fjor
Det blei registrert 37 dødsulykker i norsk arbeidsliv i 2018, melder Statistisk sentralbyrå. Dette er det lågaste talet sidan 2000. Alle dei omkomne i arbeidsulykkene i fjor var menn, ifølge førebelse tal som FriFagbevegelse publiserte i januar.