Frederiksen startar forhandlingar
Sosialdemokraten Mette Frederiksen har fått i oppdrag frå Dronning Margrethe å forhandle om ei ny regjering i Danmark. Den raude blokka vann gårsdagens val, og Lars Løkke Rasmussen trakk seg som statsminister. No får 41 år gamle Frederiksen sjansen.