Fengselsopprør i Tadsjikistan
I Tadsjikistan er 29 innsette og tre fangevaktarar drepne i eit fengselsopprør, skriv Reuters. Mange av dei innsette i fengselet er dømte for religiøs ekstremisme, og somme har vore tilknytt terrorgruppa IS, ifølgje justisdepartementet i landet.