Røde Kors-hjelp framme i Venezuela
AFP skriv at den fyrste leveransen av naudhjelp frå Røde Kors har kome til Venezuela, etter at president Nicolas Maduro har gjeve løyve. Leveransen består av medisinar og medisinsk utstyr. FN trur kring ein firedel av befolkninga treng hjelp.