Jagland fryktar «ruxit»
Generalsekretær i Europarådet Thorbjørn Jagland meiner det er fare for at Russland melder seg ut av rådet. Etter at Russland tok Krim frå Ukraina i 2014, mista Russland røysteretten. Dei svarte med å fryse pengebidrag til Europarådet.