Vanskelege køyreforhold
Snø og temperaturar rundt null grader kan skape vanskelege køyreforhold i både Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud i kveld og i morgon. Det åtvarar Vegtrafikksentralen. – Vi ber bilistar køyre etter forholda og vise omsyn, skriv dei på Twitter.