Dovrebana er open att
Dovrebana er opna for trafikk att etter å ha vore stengd ved Ringebu sidan i ettermiddag. Det melder Bane Nor. Bana var stengd grunna kraftig regnfall og fare for ras. Rundt 500 passasjerar måtte venta inne i tre tog på at bana skulle opne.