Sørenga sjøbad opnar klokka 13
Etter planen skulle Sørenga sjøbad i Oslo opne att laurdag klokka 11, men nye oljefunn gjorde at Bymiljøetaten vurderte å utsetje opninga. Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Bymiljøetaten seier no til NRK at badeanlegget vert opna klokka 13.