Skal skyte hol i gassflasker
Ein skarpskytar frå politiet er no på plass i Sør-Aurdal i Oppland. Skarpskytaren skal skyte hol på fleire flasker med gass som står i eit uthus som brenn. Eksplosjonsfaren har ført til at fleire gardar i nærleiken er evakuerte.