Til sjukehus etter grunnstøyting
Ein mann i 50-åra er send til sjukehus i Førde etter at ein 39 fot stor fritidsbåt køyrde på eit skjær ved Atløy i natt. Det var fire personar om bord, og alle vart berga før båten gjekk ned. Politiet seier at det ikkje er mistanke om promille.