Ubåt med 44 om bord sakna
Ein argentinsk ubåt med 44 menneske om bord er sakna utanfor det sørlege Argentina. Det har ikkje vore livsteikn frå fartøyet på to dagar, og forsvaret har sett i verk ein større leiteaksjon. Ubåten var ute på eit rutineoppdrag.