Jensen får 6 spørsmål om SSB
Stortinget ber finansminister Siv Jensen svare på seks spørsmål om kva som skjedde forut for SSB-direktør Christine Meyers avgang. Jensen får éi veke på å svare. Ein samrøystes komité står bak spørsmåla som tysdag vart oversendt departementet.