Aksjon i Asker er over
To personar er henta ut av bustaden i Billingstad i Asker, og politiet har kontroll på mannen som forskansa seg. Mannen stakk av frå ein rutinekontroll med politiet i Drammen i natt. Han truga politiet og sa at han ville skyte dersom nokon kom inn.