38 omkom i snøskred i Afghanistan
Minst 38 menneske omkom i snøskred og følgjeulukker av det uvanleg kraftige snøfallet dei siste tre dagane, opplyser styresmaktene i landet til AP. I tillegg er fleire enn 20 menneske skadde. Rundt 20 hus er tekne av skred og 50 hus er øydelagde.