Måtte stengje E6 over Dovrefjell
E6 over Dovrefjell vart stengt i kveld på grunn av vanskelege køyreforhold. Det har vore store problem i trafikken over heile austlandsområdet i dag på grunn av underkjølt regn. Problema har vore spesielt store i Hedmark og Oppland.