Politi krasja med personbil
Tre personar er sende til sjukehus etter at ein politibil og ein personbil krasja på riksveg 120 ved Skedsmo onsdag kveld. Politiet har avhøyrt vitne, og er på veg til sjukehus for å avhøyre dei tre involverte som vart lettare skadde. Spesialeininga for politisaker er varsla om hendinga.