Søker unge menn etter mogleg ran
Politiet søkjer tysdag kveld etter fire-fem unge, mørkhuda gjerningsmenn etter eit mogleg ran i Ila i Oslo. Politiet opplyser at dei har mørke klede, kanskje caps, og at dei ønskjer kontakt med ungdomane. Det er førebels uvisst kva som har skjedd i saka.