– «Hoegh Osaka» tek ikkje inn vatn
Reiarlaget opplyser at det norske bilfrakteskipet «Hoegh Osaka» ligg på ein sandbanke, og at det ikkje er utslepp frå skipet. Skipet tek heller ikkje inn vatn. Grunnstøytinga har ført til stans i all trafikk av store skip til og frå Southampton.