Framleis rørsle i fjellet
Snø gjer det vanskelegare å tolke målingane frå rørslene i fjellpartiet ved Mannen, som er venta å rase ut. Nattas målingar viser at det framleis er rørsle. Vakthavande geolog, Ingrid Skrede, seier dei treng tid til å tolke resultata.