Brannane aukar i omfang
NRK sin reporter i byfjella i Bergen fortel at brannane verkar å auke i omfang. Ved 110-sentralen får NRK bekrefta at brannvesenet framleis ikkje har kontroll. – Det brenn fleire stader og vi sender opp meir mannskap og pumper, seier vakthavande.