Ingen såra i flammane i Texas
Det er ikkje rapportert om personskadar etter at det braut ut brann i eit fem etasjars bustadkompleks under bygging i Houston, Texas, melder Houston Chronicle. Meir enn 200 personar frå redningsetatane rykte ut på grunn av brannen.