Nye problem med Obamas helsereform
Obama-administrasjonen må utsette ein del av den omstridde helsereforma, som går ut på at små bedrifter blir bøtelagt dersom dei ikkje tilbyr helseforsikring til sine tilsette. Finansdepartementet avgjorde i går at bedrifter med mellom 50 og 100 tilsette får eit ekstra år på seg til å tilby helseforsikring.