Assad-tilhengarar angripne

Syrarar på veg til den syriske ambassaden i Beirut for å stemme blei torsdag angripe av rasande folkemengder.

Dei angripne heldt bilete av president Bashar al-Assad og vifta med syriske flagg.

Fleire av bussane dei sat i blei pepra med stein, og enkelte av passasjerane blei skadde av knust glas, melder libanesiske medium.

Det er presidentval i Syria 26. mai. Opposisjonen meiner det er ein farse fordi Assad ikkje har nokon motkandidat med vinnarsjansar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no