NRK Meny
Normal

- Rett løysing for Afghanistan

- Det blir krevjande med ein ny valrunde i Afghanistan, men det er ei rett avgjerd, seier FNs spesialutsending Kai Eide.

Kai Eide

FNs spesialutsending Kai Eide meiner det er rett at det blir ein ny valomgang i Afghanistan.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / AFP

I eit intervju med NTB seier han at institusjonane i landet no har vist at dei fungerer.

- Afghanistan er eit ungt demokrati, og derfor er det svært viktig og gledeleg at institusjonane viser at dei fungerer, seier nordmannen.

Han legg til at valklagekommisjonen, som Eide har hatt eit ansvar for, har vist at dei har gjort ein skikkeleg jobb.

Les også: Ny valgomgang i Afghanistan

Les også: Taliban gjenerobret viktig by

Les også: Karzai vil akseptere valgresultatet

- Modig val

Hamid Karzai

Hamid Karzai går med på å halde ein andre valomgang i Afghanistan.

Foto: Rafiq Maqbool / AP

Eide meiner at valkommisjonen har gjort eit modig val, etter å ha vore under sterkt press. Han trur det er for tidleg å seie korleis andre valrunde skal avviklast, korleis ein skal hindre fusk og sikre veljarane mot valdshandlingar.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy hylla i dag den afghanske kollegaen sin, Hamid Karzai, og kalla han ein ekte statsmann fordi han gjekk med på å halde ein andre valomgang.

- Ein statsmann

- Karzai har vist at han er ein statsmann som kan ta ei avgjerd om kva som er viktig for landet sitt og for einskapen til det afghanske folket, seier Sarkozy i ei fråsegn i ettermiddag.

Nicolas Sarkozy

Nicolay Sarkozy hyllar Hamid Karzai som statsmann.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Scanpix/AFP

Ein talsmann for Det kvite hus i Washington, Robert Gibbs, seier at FN, NATO og USA er klar til å hjelpe Afghanistan med gjennomføringa av den andre valomgangen.

Fleire soldatar

Han seier også at det er for tidleg å seie om president Barack Obama vil bestemme seg for å sende fleire soldatar til Afghanistan før andre valomgang, som skal gå 7. november.

Obama samarbeider tett med sine nærmaste tryggingsrådgjevarar i å meisle ut ein ny militær strategi i Afghanistan.

General Stanley McChrystal har bede om 40.000 fleire soldatar til landet, for å stå i mot eit stadig sterkare Taliban.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no