Hopp til innhold

You Tube-film kan tappe kontoen din

Du får tilsendt ei lenkje til ein tilsynelatande uskuldig film på You Tube. Og vips kan du sitje igjen med tom bankkonto.

Dataekspertar åtvarar mot denne videoen på YouTube.

Videoen ser koseleg og ufarleg ut, men kan innehalde farlege virus.

Filmsnutten det er snakk om er på spansk, og handlar om to forelska ender. "Te amo", eg elskar deg, seier den forelska anda medan han spelar fele for kjærasten sin.

Det heile ser uskuldig og koseleg ut, men datatryggleiksselskapet Panda Software går ut med ei kraftig åtvaring.

Klikkar du for å sjå på filmen, så blir det installert ei fiendtleg programvare på datamaskinen din, Spreadbanker B.

 

Spreadbanker B er katagorisert som ein orm, men som kan leggje igjen ei programvare som spionerer på deg, såkalla spyware.

Programmet søkjer gjennom datamaskinen din på jakt etter bankkodar og passord. Dessutan kan tilgangen til oppdateringar frå antivirus-selskapet bli blokkert.

Datatryggleiksrådgjevaren Joakim von Braun seier til den svenske avisa Expressen at fleire vidoear som ligg på You Tube, den største nettstaden i verda,  inneheld dette dataviruset. Og det er ikkje mogleg å sjå kva klipp som kan vere infisert.

- Den einaste måten å sikre seg på er å ha eit bra antivirusprogram, og så må ein berre lite på det, seier Joakim von Braun, som sjølv er ein ivrig surfar på You Tube.

Det går fram av ein rapport frå den svenske Finansinspektionen at det blir stadig fleire angrep mot nettbankkundar. Tryggingsekspertar seier at det blir stadig vanskelegare å verne seg mot slike angrep.

- Dette er eit tydeleg signal til både kundar og bankar til å gå gjennom tryggleiksløysingane sine, seier Kenneth Berg, einingssjef ved Finansinspektionen til Svenska Dagbladet. 

Sju gode råd:

1 Oppdater antivirusprogrammet ditt ofte

2 Oppdater den personlege brannmuren din

3 Oppdater Microsoft-programmet ditt ein gong månaden.

4 Klikk aldri ja i dialogboksar der det står at du har vunne noko eller at du er utsett for virus og må laste ned eit antivirusprogram.

5 Dersom det dukkar opp masse Internett-sider i stort tempo på skjermen, prøv å stanse det med ein gong. Om det ikkje går, slå av maskinen. Slå deretter på maskinen igjen og køyr eit antivurusprogram.

6 Får du ei mystisk lenkje i ein epost, så før musepeikaren over lenkja. Då kjem det opp ein boks, og stemmer ikkje teksten i boksen med det som står i eposten, då er det noko som ikkje er bra. Ikkje klikk på lenkja.

7 Husk å ta backup av alle filer på datamaskinen din. Dette i tilfelle av ein totalkrasj eller at fiendtleg programvare tek kontroll over maskinen.

 

 

AKTUELT NÅ