Tenåringer og mobilbruk
Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen / NRK

Tenåringssjokket

Engstelege foreldre bruker appar på telefonen for å følgje med på kvart steg tenåringane deira tek. For nokon tek det heilt av.

I sommar vakna Marit Bertheussen Røst brått heime i Bodø, seint natt til ein søndag.

Dottera var på venninnetur på Mallorca. Mor Marit begynte å sjekke mobilen: Snapchat og Finn venner.

Ho kan følgje med på kvart minste skritt jenta hennar tek. Men noko stemte ikkje denne gongen. Appane synte at dottera ikkje var på hotellet.

Marit prøvde å ringe, men fekk ikkje kontakt. Ho ringde venninnene, men fekk ikkje svar der heller.

Tenåringsmora fekk panikk.

Marit og Oda Røst

Marit Bertheussen Røst med dottera Oda. Oda seier moras kontrollbehov kan bli litt mykje nokon gongar.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Eit sjokk å bli tenåringsforeldre

For mange foreldre er det krevjande når barna blir tenåringar.

Medan det er svangerskapskurs, babybøker, oppfølging frå helsesøster og barselgruppe når ein får barn, er støtteapparatet meir fråverande når barnet kjem i tenåra.

For tobarnsmor Janne Talling på Sotra, vest for Bergen, var det heile ein enorm overgang.

– Vi har vore veldig heldige med ungane våre som babyar og barn og har aldri hatt nokon utfordringar, eigentleg, inntil dei blei tenåringar. Då var det nesten som eit sjokk, seier Talling.

Yngstedottera Stina (15) er no YouTube-stjerne og bestiller gjerne pizza og cola som middag til seg sjølv på kvardagar.

– Eg bestiller mat alt for ofte. Eit par-sju gonger i veka kanskje. Men det er verdt det, synest eg, seier ho.

Du kan sjå meir av dramaet heime hos familien Talling i dokumentaren Tenåringssjokket i NRK TV.

Truser på avvegar og søstrer som kranglar. Det er sjeldan stille hjå familien Talling.

Stramma grepet

Også eldstedottera Carina (18) videobloggar litt på Youtube. Ho har droppa ut av vidaregåande skule og tek tatoveringar rett som det er, til moras store frustrasjon.

– Vi slappa så godt av og alt gjekk så fint. Vi såg ikkje for oss at det skulle bli nokon utfordringar. Og så plutseleg så skjer det ting, seier Janne.

Carina hadde vore del av eit trygt, kristent miljø, men så fekk ho nye venner og begynte å drikke alkohol. Då stramma Janne og mannen Matz grepet.

Mora sitt behov for kontroll førte nesten til at ho mista eldstedottera si.

F.v. Janne, Carina og Stina Talling

F.v. Janne Talling med døtrene Carina (18) og Stina (15).

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

Psykolog: – Unngå overvaking

Psykolog Hedvig Montgomery har eit tydeleg råd til foreldre som slit med tenåringane sine:

Hald kontakt med barna dine, som gjer at dei kjem til deg og at dei stolar på deg. Men unngå overvaking viss du kan, seier ho.

Psykolog Hedvig Montgomery

Psykolog Hedvig Montgomery

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

Psykologen har gitt ut fleire bøker om oppfostring av barn og held kurs for foreldre. Der rår ho dei til å komme i augehøgde med barna og møte dei med litt meir forståing for kva dei går gjennom.

Ho meiner at foreldre bør la vere å nytte høvet til å oppfylle draumen om å sjå kvar rørsle til barna.

– Barn må få lov til å gå ein liten omveg, dei må få lov til å legge seg litt for seint. Dei må finne ut av desse tinga. Dei blir ufrie når dei alltid har eit blikk på seg og alltid har nokon som ser. Overvaking er ikkje bra for menneske i nokon alder.

Las dottera sine meldingar

– Eg gjekk for langt i ikkje å respektere privatlivet hennar, vedgår Janne Talling om eldstedottera.

Ho logga seg inn på Facebook-kontoen til dottera, las meldingar, sette på Finn iPhone-appen og heldt kontroll med kvar ho var til kvar tid.

– Eg dukka opp på dei stadene ho var, for å vise at eg hadde full kontroll på ho. Eg gjekk veldig langt, seier Janne.

Janne Talling

Janne Talling på Sotra.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

Etter dette nekta Carina å snakke med mora si. Då skjøna Janne at ho måtte endre taktikk for ikkje å miste dottera.

Carina opplevde at mora var over ho som ein hauk heile tida og fekk behov for å gjere livet surt for mora også.

– Det var ikkje sånn at eg hata ho som person, men eg ville ho skulle få føle på driten, seier Carina.

Ho fortel at ho hadde det ganske vondt inni seg på den tida, og det blei for tungt å stå opp og gå på skulen. Carina opplevde at skulesystemet ikkje fungerte for ho og at ingen forstod ho.

– Det var mykje å halde inne. Det balla jo berre på seg med problem og det gjekk eg jo ikkje og sa til nokon, så då blei eg endå sintare og hardare. Til slutt blei det berre ein stor klump med mykje kvalme og drit, seier dottera.

Carina Talling malar

Carina Talling malar når ho blir frustrert og sint.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

Kjeftefella

Å unngå for stram kontroll på ungdommen er éin ting. Å kommunisere godt med dei er også viktig. Montgomery peikar på at det kan vere lett å hakke på tenåringar og gå i kjeftefella, særleg når ting ligg slengde rundt om i huset og aldri blir plukka opp.

– Blir det mykje kjeft, blir det for liten plass til andre ting. Og det er grunnen til at ein med tenåringar verkeleg bør konsentrere seg om det som er viktig å snakke om og kjefte på, og la ganske mykje gå.

Altså: Hent handklea sjølv i staden for å gnåle om det, rår psykologen.

Sjekka flybillettar til Palma

Marit B. Røst i Bodø har lett for å mase på og bekymre seg for mykje for kva dei to ungdommane hennar, Iver (15) og Oda (19), finn på.

Sjå korleis Marit nesten kler av og på sonen når han skal ta konfirmasjonsbilete.

I sommar tok det heilt av for tenåringsmora då ho ikkje fekk kontakt med dottera eller venninnene hennar på Mallorca.

– Eg var ordentleg redd. Eg låg og sjekka flybillettane til Palma: «Når går første fly til Palma viss det har skjedd noko», seier Røst.

Til slutt greidde Marit å tenke at ho ikkje fekk gjort noko med det.

Ho tenkte: «Oda er stor og ho er stødig. Det går bra, ho er saman med gode jenter».

– Men det var ein ekstrem panikk. Sjølv om Oda er 19 år.

Sjølv fekk ho leve ungdomstida heilt fri for overvakande blikk frå foreldra. Dei hadde ikkje tilgang til teknologi som kunne spore kor ho var til kvar tid.

– Det å kunne følgje med så mykje er også belastande. Du får ein kontroll, men har likevel ikkje kontroll, seier Røst.

Mor og son slåst om telefonen ved kjøkenbordet.

– Det kan bli litt mykje

19 år gamle Oda Bertheussen Røst synest det kan bli litt mykje når mora til tider følgjer kvart steg ho tek.

Den omtala sommarnatta på Mallorca var ho og venninnene i nabobyen. Samstundes som mora hadde panikk heime, koste tenåringane seg på fest.

Dagen etter fekk mor i Bodø ein telefon frå dottera.

– Då ringde eg ho og sa at dette ikkje er greitt. Då skjerpa ho seg og det blei litt betre dei andre dagane, seier Oda.

Ho syntest at kontrollbehovet til mora heime i Bodø tok litt overhand.

– Eg drog jo dit fordi eg ville ha fri og ferie. Det var ein grunn til at eg ikkje drog med foreldra mine på ferie. Det kan bli litt mykje nokre gongar, seier Oda.

Ho trur mora har lært av episoden.

– Ho er ikkje lenger like bekymra som ho var før. Ho følgjer ikkje like mykje med. Det kan hende at ho gjer det på Snapchat, ikkje veit eg, men ho sender ikkje like ofte meldingar og skal vite kvar eg er heile tida, slik som ho gjorde før. Det synest eg er litt greitt.

Marit Røst i rød topp sit på senga til dottera Oda som prøver å dytte henne vekk

Marit Røst prøver å vekke dottera Oda (19).

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Bygde opp tilliten på ny

For Janne Talling på Sotra var det ein prosess å gi slepp på kontrollen over ungdommane sine. Ho gjekk til venner og fagpersonar for å få råd.

Sakte, men sikkert vart tilliten mellom ho og eldstedottera bygd opp på ny. Balansegang er blitt nøkkelen der i garden: Alkohol er ikkje akseptabelt før ein er 18 år, men samstundes skal barna vere trygge på at dei kan ringe heim og be om å bli henta, viss dei treng det.

– Det er grådig vanskeleg å balansere det. Det er betre å seie til dei kva vi synest om det, men vere glad for at dei veit at dei alltid kan ringe til deg viss dei er i trøbbel, seier Janne.

– Finn individuelle løysingar

Psykologen seier at kvar familie må finne individuelle løysingar for kva som fungerer for dei i møte med ulike utfordringar.

Nokre foreldre let barna spele dataspel eller sjå film med for høg aldersgrense. Nokre får lov til å drikke alkohol før dei blir 18.

– Du må sjølv gjere det du føler er riktig for din familie og ditt barn. Ikkje vere så opptatt av korleis den snillaste gjer det, eller korleis den strengaste gjer det. Finn noko som fungerer heime hjå dykk, seier Montgomery.

– Utfordrande for meg

Tenåringsmor Marit B. Røst er spesialpedagog og jobbar på Bodø videregående skole. Men ho innrømmer det ganske kjapt: Yrkestittelen legg ho att på jobben.

– Eg har ikkje det same tolmodet med mine eigne barn som med andre sine barn. På jobb kan eg rettleie og vise tolmod, medan eg kan klikke bananas heime heilt plutseleg, seier Røst.

Ho irriterer seg til dømes stort over alt rotet som ligg rundt om i huset, medan mannen hennar, Steinar, heller plukkar opp etter tenåringane framfor å mase på dei.

– I staden for å få dei til å dekke bordet, så seier han «eg gjer det». Det er litt utfordrande for meg.

Marit vedgår at det kan bli litt mykje mas frå hennar side.

– Det hadde vore lettare om eg senka skuldrene og berre lar verda gå forbi.

Marit Røst holder oversikt med kartfunksjonen til Snapchat

Marit Røst held oversikt over barna via kartfunksjonen til Snapchat.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

«Mellombels hjerneskada»

Ho får støtte frå ekspertar i det siste. Tenåringar treng meir rom og mindre mas.

I hjernane til ungdommane skjer det nemleg ein einaste stor ryddesjau medan dei held på å utvikle seg frå barn til vaksne, ifølgje lege, hjerneforskar og professor Svend Davanger ved Universitetet i Oslo.

Han peikar særleg på éin ting som skil tenåringshjernen frå ein vaksen hjerne: Områda der kjenslene til tenåringane startar, er tidleg utbygd og har kome langt utviklinga. Andre område er ikkje fullt så modne:

Dei områda som skal styrke tenåringane sine evner til å tenke gjennom ting, ha eit langsiktig perspektiv, vurdere ting og sjå på ting på ein rasjonell måte, dei heng litt etter.

– Når det blir stilt krav til tenåringane om at dei skal kunne dette, då bruker dei meir hjernekapasitet på å få det til. Og dei slit litt meir med det, seier Davanger.

Illustrasjon av hjernen

Når forskarar skal forklare kva som skjer i hjernen til tenåringar, seier dei gjerne at den er under ombygging. Illustrasjon: Renate Rognan

Psykolog Hedvig Montgomery peiker på at tenåra er ein ombyggingsprosess der hjernen legg vekt på å tilpasse seg til deg, sånn som du er.

– Og då fungerer hjernen dårlegare i ein periode enn det han gjorde før, seier psykologen.

På mange måtar tenker eg at dei har ein slags mellombels hjerneskade. Det vil seie at dei fungerer dårlegare enn det dei eigentleg kan, og dei kjem til å fungere betre.

Hedvig Montgomery, psykolog

– Det blir betre

Då er det kanskje ikkje så rart at rommet alltid er rotete. Hjernen er opptatt med å rydde hos seg sjølv.

Resultatet blir ofte at tenåringar kjem for seint, er forvirra, sure, gløymer ting og generelt er litt dårlege på planlegging.

– Det å gå frå å vere ein unggut til å få testosteron, eller å gå frå ei ungjente til å få denne østrogenboosten og heile menstruasjonssyklusen i sving, det er hardt arbeid, altså. Så tenåringen er mykje trøytt, seier Montgomery.

Men så blir det betre, ifølgje psykologen.

– Frå dei er 16 år blir dei litt ryddigare, hugsar litt betre, klarer å ha litt meir kontroll på kva dei føler og korleis dei formidlar det, seier ho.

15-åringen sitt råd til foreldre

Stina Talling (15) seier ho høyrer på det mora seier og er veldig open med foreldra, sjølv om ho også kan bli irritert på maset deira. Då kan det ende med at dei både kranglar og skrik til kvarandre.

15-åringen rår tenåringsforeldre til ikkje å bure ungdommane sine inne, sjølv om ein blir bekymra.

– La dei ha det litt gøy. Og då snakkar eg ikkje om alkohol og masse festing og sånn, berre det å ha litt frie taumar. Du må la dei få sjansar til å bevise for deg at du kan stole på dei og at dei kan oppføre seg, sjølv om dei kanskje kan vere unge og dumme, seier Stina.

Janne og Matz Talling

Janne og Matz Talling ser på gamle familiebilete av døtrene.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

Sit att med få reglar

For mora Janne har det vore ei bratt og vond lærekurve å klippe navlestrengen og ikkje ha kontrollen over døtrene. No føler ho seg mykje betre førebudd på korleis ho kan takle dei.

I familien Talling har foreldra prøvd å vere svært strenge, men sit no att med ganske få reglar. No handlar det meir om å vere gode rollemodellar og oppmuntre til at døtrene tek gode val, ifølgje mora.

Likevel er det ikkje heilt over.

– Eg trur ikkje eg torer å puste ut før om tre år, fordi eg veit at situasjonen kan endre seg så utruleg, seier Janne.

---

Kranglar, festing, humor og kjærleik. Sjå heile dokumentaren om livet i familien Talling i NRK TV.

Janne Talling trudde ho hadde fått tidenes englebarn - heilt til dei blei tenåringar. Kva gjer du når dottera di begynner å drikke? Eller rett og slett hatar deg? Då Stina (15) og Carina (18) kom i tenåra snudde dei opp ned på livet til foreldra. Familien Talling på Sotra i Hordaland fortel ope om sine utfordringar med tenåringslivet. Norsk dokumentar frå 2018.

Janne Talling trudde ho hadde fått tidenes englebarn – heilt til Stina og Carina blei tenåringar. Kva gjer du når dottera di begynner å drikke? Eller rett og slett hatar deg?