Tysdag føremiddag svara assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og overlege i Folkehelseinstituttet, Are Berg, på dine koronaspørsmål.

Tysdag føremiddag svara assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og overlege i Folkehelseinstituttet, Are Berg, på koronaspørsmåla dine.

Foto: NRK

«Kan eg reisa på ferie i sommar?»

Ekspertane svarar på spørsmåla dine.

Førre veke hadde Noreg starta å senka skuldrene. FHI melde om nedgang i talet på smittetilfelle. Stortinget fekk oppheva skjenkeforbodet.

Fredag 22. januar kom testresultata frå Nordre Follo. Dei viste det muterte viruset frå Storbritannia.

I løpet av helga innførte regjeringa strenge tiltak for Nordre Follo og kommunane rundt. Ein må tilbake til mars for å finna like strenge tiltak.

Dei siste dagane har NRK opna opp for spørsmål frå lesarane. NRK har fått inn over tusen spørsmål.

Smittetala går ned, kvifor er dei nye tiltaka då så strenge? Og kvifor blir ikkje alle testa for mutert virus?

I studio tysdag føremiddag svara assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og Are Berg, overlege i Folkehelseinstituttet, direkte på spørsmål frå publikum.

Scroll deg nedover i saka for å få svar på dei oftast stilte spørsmåla om vaksinering, mutasjonar og nye tiltak.