Hanna Fredriksen, Stener Heyerdal
Foto: Kristin Olsen / NRK

Slik har korona påverka liva til nordmenn

Intensivlegen måtte doble kapasiteten på avdelinga. Gründeren måtte selje leilegheita. Svetlana har ikkje sett mora på eit halvt år. I dag er det seks månader sidan dagen som endra Noreg og liva våre.

12. mars 2020 er ein dato som vil skrive seg inn i historiebøkene. Koronaviruset hadde spreidd seg over store delar av verda. No var det òg spreiing i Noreg. Klokka 14.00 kalla regjeringa inn til pressekonferanse.

I dag kjem regjeringa med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid. Tiltaka kjem til å ha stor innverknad på den personlege fridomen vår.

Erna Solberg, statsminister (H)

På få timar stengde Noreg meir eller mindre ned. Nøyaktig seks månader etter kan vi ane konsekvensane det har fått for liva våre.

Eit halvt år med korona er ei historie om kvar einskild nordmann sitt møte med trusselen om sjukdom og død, ei historie om å få kvardagen snudd opp ned på sekundet.

Vi har møtt eit utval menneske som på ulike måtar har fått livet totalt endra i 2020.

Kommunelege i Sel, Therese Renaa
Foto: Knut Røsrud / NRK
Foto: Knut Røsrud / NRK

Det var som å bli soge inn i ein sentrifuge. Vi kjempa hardt for å halde hovudet over vatnet i fleire veker.

Therese Renaa, kommuneoverlege i Sel
Kommunelege i Sel, Therese Renaa
Foto: Knut Røsrud / NRK
Foto: Knut Røsrud / NRK

Koronapandemien slo ut både by og bygd. Sel kommune i Gudbrandsdalen var blant dei første med smitte. Dei var lenge blant dei hardast ramma i landet. I mars var kvar sjette innbyggjar der i karantene.

Gatebilde fra Otta, et par hus ligger langs en regnvåt vei.
Foto: Geir Olsen
Foto: Geir Olsen

Kva var du redd for 12. mars?

Eg merka nesten ikkje at Noreg stengde, for vi fekk jo utbrot her frå 2. mars. Då var vi i situasjonen allereie. Det var ein periode då eg sov svært lite og såg lite nyheiter. For meg var det eigentleg ikkje så stor forskjell. Stenginga var meir ei erkjenning av at no er det fleire som har smitte.

Kommunelege i Sel, Therese Renaa
Foto: Geir Randby / NRK
Foto: Geir Randby / NRK

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Eg brukte mykje tid på kommunelegejobben, så no har eg prøvd å jobbe litt meir som fastlege. Det er ikkje like hektisk som det var under utbrotet, men vi har mykje å gjere no også. Eg trur nok at vi må førebu oss på at dette er ei ny verkelegheit som vi må leve med over tid.

Kommunelege i Sel, Therese Renaa
Foto: Knut Røsrud / NRK
Foto: Knut Røsrud / NRK
Christine Fagerheim Hestnes, kasseleder på Coop Mega på Sjølyst i Oslo.

Kundane hadde panikk! Folk gjekk med to handlekorger om gongen.

Christine Fagerheim Hestnes, kasseleiar, Coop Mega Sjølyst
Christine Fagerheim Hestnes, kasseleder på Coop Mega på Sjølyst i Oslo.

I frykt for å hamne i heimeisolasjon eller karantene i 14 dagar hadde mange som første tanke å sikre seg basisvarer som hermetikk, tørrvarer og toalettpapir. Trass oppmodinga om å ikkje hamstre, ville mange sikre seg. Dei butikktilsette var blant dei første som verkeleg merka dei inngripande tiltaka.

Hamstring under korona

Kva var du redd for 12. mars?

12. mars sa det berre «pang», og butikken var full av kundar. Eg tenkte: «Ok, no står eg her med alt for mange kundar på ein plass. Eg kan bli smitta.» Heldigvis gjekk det ikkje lenge før vi hadde fått innarbeidd gode rutinar.

Christine i Coop Mega

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Det kom ein del nye rutinar. No er det vasking frå morgon til kveld. Det trur eg ikkje er noko som forsvinn. Eg trur det blir det nye. Eg håpar i alle fall det, for det er rutinar det er viktig å ha.

Christine i Coop Mega
Gründer Anneli Sande
Foto: Vegar Erstad / NRK
Foto: Vegar Erstad / NRK

Det gjekk under ei veke, så var all inntekt borte.

Anneli Sande, gründer
Gründer Anneli Sande
Foto: Vegar Erstad / NRK
Foto: Vegar Erstad / NRK

Koronatiltaka gjekk hardt ut over økonomien. Mange blei permitterte frå jobbane sine. Sjølvstendig næringsdrivande var blant dei som opplevde å miste oppdrag og inntekt nesten over natta.

Gründer Anneli Sande
Foto: Vegar Erstad / NRK
Foto: Vegar Erstad / NRK

Kva var du redd for 12. mars?

Natt til 12. mars hugsar eg at eg sat oppe om natta og tenkte: «Kva skjer no?» Eg sat med budsjetta og tenkte: «Kva om vi mistar kundar, arrangement, kva om inntektene forsvinn?» Så braka det laus 12. og 13 mars.

Gründer Anneli Sande
Foto: Vegar Erstad / NRK
Foto: Vegar Erstad / NRK

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Dei første dagane var eit sjokk, men for meg var det også viktig å handle raskt. Eg måtte stengje to verksemder, vi måtte omstille kafédrifta og alle arrangement blei avlyste.

Gründer Anneli Sande
Foto: Vegar Erstad / NRK
Foto: Vegar Erstad / NRK

Eg skjønte at uansett om eg kunne få hjelp frå det offentlege i framtida, så måtte eg selje leilegheita og finne ein annan stad å bu for å skaffe likviditet. Under seks veker seinare hadde eg flytta. For meg er det ikkje løyst før leilegheita er seld, men eg er positiv.

Gründer Anneli Sande
Foto: Vegar Erstad / NRK
Foto: Vegar Erstad / NRK
Sumayya Javed i et klasserom på Nydalen videregående skole, de
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Før dette hadde eg aldri sett for meg at heile skulen skulle stengje. Då er det jo stengt, og ein får nesten ikkje undervist, tenkte eg.

Sumayya Javed, lærar på Nydalen vidaregåande skule
Sumayya Javed i et klasserom på Nydalen videregående skole, de
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Eit av dei strengaste tiltaka regjeringa sette inn var å stengje alle barnehagar, skular, vidaregåande skular, høgskular og universitet. Heimeskule med digital undervising blei den nye kvardagen. Først frå 27. april blei skulane gradvis opna att.

Sumayya Javed i et klasserom på Nydalen videregående skole, de
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Kva var du redd for 12. mars?

Eg hadde undervising dagen før, og vi spøkte litt med det, for det var skular andre stadar i landet som stengde den dagen. Vi snakka om at det kunne skje med oss, men tenkte: «Nei, det gjer det vel ikkje.» Så det var ganske uverkeleg. Det første eg tenkte var at det her varar ei lita stund, så er det over. Men det var det jo ikkje.

Sumayya Javed i et klasserom på Nydalen videregående skole, de
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Kva har skjedd med ditt liv sidan 12. mars?

Det var ei stor endring. Frå å vere i klasserom fysisk med elevane, til å plutseleg skulle undervise dei gjennom ein skjerm. Sjølv om eg fekk verdifull erfaring med digital undervising, var det utfordrande å verkeleg sjå elevane og å leggje planar frå dag til dag. I tillegg var det korleis ein skulle vurdere elevane. Vegen blei litt til medan vi gjekk for både elevar og lærarar.

Sumayya Javed i et klasserom på Nydalen videregående skole, de
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Det var litt rart å starte opp att som normalt. Som kontaktlærar for ei ny vg1-klasse var det svært viktig å ta ekstra vare på elevane og bli kjent med dei samstundes som vi har dei tiltaka vi har.

Sumayya Javed i et klasserom på Nydalen videregående skole, de
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Bent Høie
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

Eg følte eg var med på noko som var historisk, men som eg òg visste kom til å ramme veldig mange menneske negativt.

Bent Høie, helse- og omsorgsminister (H)
Bent Høie
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

12. mars gjekk helseministeren på talarstolen og la fram bodskapen som skulle endre liva til mange menneske. I tida etterpå har vi sett han på TV, radio og i aviser stort sett kvar einaste dag. Han har blitt eit av ansikta til pandemien i Noreg, og ein av dei som står med ansvaret for korleis det går.

Camilla Stoltenberg, Bent Høie og Erna Solberg 12. mars 2020.

Kva var du redd for 12. mars?

Eg var redd for at vi skulle miste kontrollen og kome i den situasjonen vi såg i fleire land, med overfylte sjukehus, helsetilsette som jobba i ein krigsliknande situasjon og mange som mista livet. Eg var òg veldig redd for at vi skulle gå tomme for beskyttelsesutstyr. Det var mine to verste mareritt den dagen.

Koronavirus
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kva har skjedd med ditt liv sidan 12. mars?

Det som har endra seg i livet mitt er nok rett og slett at eg set enda meir pris på dei enkle tinga i kvardagen. Kveldane og dagane når det berre er Dag Terje og eg heime, og det ikkje skjer noko. No er vi i ein situasjon som har følgjer for alle menneske i Noreg, og det merkar eg. Svært mange kjem bort og takkar for den jobben vi gjer. Det er sterkt!

Lindmo 17.04 2020

Eg var svært letta då eg i slutten av april kunne seie at no har vi kontroll. Det er noko eg ikkje kjem til å gløyme. Dei dagane i mars såg eg veldig fram til å kunne seie dette, men eg ante jo ikkje om det ville bli om ein månad, om to månader eller om eit år.

Bent Høie blir intervjua
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK
Svetlana Akhmetova heime hos seg i Bærum
Foto: Nuno Duarte / NRK
Foto: Nuno Duarte / NRK

Det er ei ganske stor påkjenning å ikkje vere nær familien, og det er vanskeleg å forklare barna kvifor bestemor ikkje kan komme på besøk.

Svetlana Akhmetova, frå Russland, busett i Noreg i over 20 år
Svetlana Akhmetova heime hos seg i Bærum
Foto: Nuno Duarte / NRK
Foto: Nuno Duarte / NRK

Med koronatiltaka blei mange skilde frå sine kjære. Stengde grenser førte til at folk i fleire månader ikkje fekk treffe nær familie eller kjærasten som oppheldt seg i utlandet. Framleis er det familiar og par som ikkje får møte kvarandre på grunn av koronasituasjonen.

Svetlana Akhmetova og dottera på besøk i Moskva før Lockdown
Foto: privat
Foto: privat

Kva var du redd for 12. mars?

Alt var så uverkeleg. Vi hadde korona i Kina og andre stadar, men at smitten var komen til Noreg og skulle få store konsekvensar for oss var veldig surrealistisk.

Svetlana Akhmetova
Foto: Nuno Duarte / NRK
Foto: Nuno Duarte / NRK

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Midt i «lockdown» mista vi svigerfaren min. Kort tid etter fekk eg beskjed om at faren min var død også. Eg kunne ikkje krysse grensa og dra i gravferda, og eg fekk ikkje vere der for og med familien.

Svetlana og familien i Moskva før korona
Foto: privat
Foto: Nuno Duarte / NRK

Det å ikkje treffe mor mi på over eit halvt år, det er ei veldig stor påkjenning. Det gjer rett og slett vondt. Ho skulle eigentleg kome til Noreg 13. mars, men det skjedde jo ikkje. No får vi berre snakke på Skype. Eg håper det snart er over!

Svetlana og dottera skypar med bestemor i Russland
Foto: privat
Foto: privat
Hanna Fredriksen, Stener Heyerdal
Foto: Kristin Olsen / NRK
Foto: Kristin Olsen / NRK

Du ville gjere noko, men du kunne ikkje gjere noko meir enn berre å vere til stades og å gje omsorg.

Hanna Fredriksen, helsefagarbeidar ved Stener Heyerdahl omsorgssenter i Kristiansand
Hanna Fredriksen, Stener Heyerdal
Foto: Kristin Olsen / NRK
Foto: Kristin Olsen / NRK

Sjukeheimane var i ei særstilling, for der bur mange eldre og sjuke som er utsette for korona. Stener Heyerdahl omsorgssenter i Kristiansand blei hardt ramma av viruset. Ti bebuarar blei smitta, og fem av dei døydde.

Stener Heyerdahl omsorgssenter, Kristiansand
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Kva var du redd for 12. mars?

Det eg var mest redd for var at vi som jobbar her skulle bli smitta og dra det med oss inn på arbeidsplassen.

Hanna Fredriksen, Stener Heyerdahl
Foto: Kristin Olsen / NRK
Foto: Kristin Olsen / NRK

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Vi fekk smitte inn på arbeidsplassen, så vi laga ei avdeling med berre koronasmitta bebuarar. Du er redd for å bli smitta sjølv, redd for at fleire på huset skal bli smitta, og du er redd for å ta smitte med deg heim.

Hanna Fredriksen, Stener Heyerdahl
Foto: Kristin Olsen / NRK
Foto: Kristin Olsen / NRK

Eg blei smitta, og var blant dei som låg heime i isolasjon. Eg har òg blitt svært bevisst på handhygiene, på å hoste i olbogen, og eg går lite på besøk til besteforeldre.

Hanna Fredriksen, Stener Heyerdahl
Foto: Kristin Olsen / NRK
Foto: Kristin Olsen / NRK
Aslaug Bratteng kjenner på einsemd i koronatida
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Det er den verste sommaren eg har hatt nokon gong!

Aslaug Bratteng, pensjonist i Gausdal
Aslaug Bratteng kjenner på einsemd i koronatida
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Under stenginga heldt mange seg inne meir enn normalt. Nokre var i karantene, andre i isolasjon, og mange ville berre unngå smitte. Dette gjaldt spesielt dei i risikogruppa, som eldre og personar med diabetes, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar. Mange kjende seg einsame denne perioden.

Aslaug Bratteng er einsam i koronatida
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Kva var du redd for 12. mars?

Eg var redd for å ikkje skulle få reise som eg ville. Eg er svært glad i å reise. Eg hadde planar om å reise til Nederland og Belgia på elvecruise, og på festival i Sverige. Det blei det ikkje noko av.

Aslaug Bratteng er einsam under korona
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Det har ikkje skjedd så mykje! Ingenting, eigentleg. Alt har vore stengt ned. Eg har drukke litt kaffi med nokre folk, men det er eigentleg alt. Det har vore frykteleg keisamt. Det byrjar jo å ordne seg litt, heldigvis. Eg har eit håp om besøk til jul.

Aslaug Bratteng
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK
Lege ahus
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

På det meste hadde vi tjue pasientar på respirator. Alle med covid-19. Det var faktisk svært dramatisk!

Jan Erik Berdal, avdelingsleiar ved infeksjonsmedisinsk avdeling på Akershus universitetssykehus
Lege ahus
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

Dei sjukaste koronapasientane må leggjast på respirator. På det meste låg 99 personar med intensiv respiratorbehandling i Noreg. Akershus universitetssykehus hadde flest pasientar og måtte byggje om avdelingar for å klargjere for opp mot 65 pasientar på same tid. Det stoppa på 20.

Tralle med smittevernutstyr
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

Kva var du redd for 12. mars?

Eg såg kor utrulege mengder smittevernutstyr som blei brukt per pasient og visste at forsyningssituasjonen var usikker. Eg ville ta vårt eige lager i augesyn. Eg tenkte at dette er «not good».

Lege ahus intensivavdelinga
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

Å sjå for seg at vi skulle måtte leie medarbeidarar inn i rom med smitte utan å ha beskyttelse var veldig skremmande. Det blei tatt opp på toppleiarnivå, og løyste seg heldigvis raskt.

Lege ahus intensivavdelinga
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

Kva har skjedd med livet ditt sidan 12. mars?

Infeksjonsmedisinsk avdeling vart ein slags spydspiss. Eg har lært at sjukehus er ein utruleg kompleks organisasjon. For å få dette til var vi avhengige av mange ulike menneske. Det er eit svært maskineri. Vi må samarbeide, og det var vi veldig gode til.

Intensivlege ahus
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

Her måtte ting skje fort, og vi måtte treffe ei rekke avgjerder raskt. Det er eg for så vidt vand med, men her var det ekstremt.

Intensivlege ahus
Foto: Roy Pettersen / NRK
Foto: Roy Pettersen / NRK

I løpet av dette halvåret har over 12 000 nordmenn vore smitta av koronaviruset. Så langt er 256 døde av viruset. Noreg er til no blant landa i Europa som har vore mildast ramma av covid-19.

Sakte men sikkert byrja liva våre å gå meir tilbake til normalen. Så blussa smitten opp att på seinsommaren. Seks månader seinare er koronatiltaka framleis ein stor del av kvardagen, og ekspertane åtvarar mot at vi vil måtte halde ut med dei heilt til vaksinen kjem. Kanskje vil vi vere der om enda eit halvt år, kanskje ikkje.

Men éin ting er dei fleste samde om. Det er ein ny kvardag, og det er eit før og eit etter 12. mars 2020.