Sven-Åke Hagen

Sven-Åke Hagen vart godt kjent med bygdedyret då han som ordførar slo saman Skjerstad kommune med Bodø.

Foto: Trude Bakke / NRK

Veslebror slo seg saman med Bodø – og fekk det betre

Mindre makt, tapt identitet og færre folk. Det mangla ikkje på dystre spådommar då kommunen Skjerstad slo seg saman med Bodø. Men tolv år seinare er dei framleis lukkeleg gift.

Sven-Åke Hagen dreg på smilebandet når vi spør om «den gongen». Då ved årtusenskiftet, då han var Senterparti-ordførar og pressa på for kommunesamanslåing.

– Eg fekk ein del kjeft. Ein truga med å kaste meg på sjøen då eg gjekk langs kaia. Det var mykje motstand og sterke kjensler.

Han slapp heldigvis den ufrivillege badeturen. Og gjer i dag kritikarane til skamme.

– Vi har betre økonomi no enn då vi var eigen kommune. Fleire småkommunar burde gjere som oss, seier Hagen.

Fekk 100 millionar kroner frå Bodø

Etter kommunereformen er antal kommunar redusert frå 428 til 354. Ti samanslåingar er gjort ved tvang.

Regjeringa sitt mål har vore større og betre «velferdskommunar», men 257 kommunar har sagt nei til kommunesamanslåing.

NRK har avdekka at nær halvparten av desse har hatt befolkningsnedgong siste tolv åra. Og at 8 av 10 nei-kommunar har høgare andel innbyggjarar over pensjonsalder enn resten av landet.

I tillegg står fleire av kommunane på Robek-lista, altså er økonomien deira så dårleg at staten har teke over styringa.

Eks-ordførar Hagen har ikkje angra eit sekund på at Skjerstad vart del av Bodø-familien.

– Vi hadde ikkje hatt to skular og to barnehagar i dag om vi hadde vore eigen kommune. Pengesekken var så liten at det garantert hadde blitt nedleggingar, seier Sven-Åke Hagen.

Sven-Åke Hagen

Mange heva augebryna då Sp-mannen Sven-Åke Hagen jobba for kommunesamanslåing. I dag er han ikkje lenger politisk aktiv.

Foto: Trude Bakke / NRK

Det tidlegare kommunesenteret Misvær ligg ein times køyretur frå Bodø, forbi Saltstraumen og inn i ein fjordarm. Her er ein Coop-butikk, bensinstasjon, sjukeheim, barnehage og skule.

Ja, og så er det ein splitter ny brannstasjon, slalåmbakke, lynraskt breiband og kunstgrasbane. For å nemne noko.

Medgifta frå Bodø var nemleg på over 100 millionar kroner.

– For mykje kjensler, for lite fakta

Hagen var inne i sin andre periode som ordførar då dei byrja sjå til storebror Bodø ved årtusenskiftet. Skjerstad, med knapt 1000 innbyggjarar hadde mykje gjeld.

– Jobben min handla då berre om å finne nye ting å kutte. Og vi mangla gode fagmiljø. Alt var for smått. Det var ikkje noko særleg, minnast Hagen.

Kunne ein løyst det med større statlege overføringar?

– Pengar hjelper alltid på, men det handlar ikkje berre om det. Det handlar også om fagkompetanse innan til dømes barnevern og eldreomsorg, og det skortar det fort på i ein liten kommune, seier han.

Ein rapport frå Telemarksforsking om Skjerstad-samanslåinga syner at over halvparten av innbyggarane meiner kommunale tenester har blitt betre etter samanslåinga.

Der står også at «samanslutninga med Bodø så langt har vore positiv i forhold til å sikre tenestetilbodet og i forhold til nærings- og tettstadsutvikling. Ein føresetnad for dette er også at det frå Bodø si side har vore rause i rolla som regionsenter og storebror».

I folkerøystinga for eller imot kommunesamanslåing var det så jamnt så det kunne blitt. Av nokre hundre stemmer vart det ja-fleirtal, med to stemmer overvekt.

– Det var veldig mykje kjensler. Det er jo gjerne det som veg tyngst i slike avstemmingar. Men folk har ikkje alltid like god kunnskap om den kommunale økonomien som politikarane og administrasjonen. Så folk stemmer utfrå noko dei eigentleg ikkje har så god greie på, hevdar Hagen.

Hagen er ikkje lenger politisk aktiv, og vil heller ikkje meine noko om politikken til partiet han forlet for nokre år sidan. Han understrekar at det ikkje var noko protesthandling, men går langt i å antyde at han nok ikkje er heilt på linje med Senterpartiet sin kommunepolitikk.

– Eg trur mange småkommunar hadde hatt store fordelar av å slå seg saman. Vi ser jo det her i nord, at små kommunar får stadig dårlegare tenestetilbod medan dei større kommunane får betre, seier Hagen.

Har fått felles fiende

Nokre kilometer frå Misvær ligg bygda Skjerstad, som altså har same namnet som den gamle kommunen (forvirrande nok). Rett nedanfor kyrkja ligg ei ny kunstgrasbane. Såpass grøn i fargen og kvitt innramma at den openbart er ny. Det er på ein benk her vi møter Randolv Gryt.

– Den gamle kommunen hadde jo aldri hatt råd til noko sånt. Den bana der er betalt med Bodø-pengar, seier Gryt.

Kunstgrasbana i Skjerstad

Kunstgrasbana i bygda Skjerstad kom på plass etter kommunesamanslåinga, betalt av storkommunen Bodø.

Foto: Trude Bakke / NRK

Frå 1989 til 1997 var han rådmann i Skjerstad. Men det byråkrat-livet gjorde han mismodig. Etter nokre år i jobben takka han for seg.

– Då var budsjetta så strame at vi vurderte å legge ned ein av skulane. Eg ville ikkje vere med på det meir, å berre kutte, seier Gryt.

Så i staden for å vere den som la ned skulen, søkte han seg jobb der. Som politisk aktiv i SV var han med i kampen for kommunesamanslåing.

Randolv Gryt

Randolv Gryt var rådmann i Skjerstad i 1997. Behovet for store nedskjæringar i kommunen gjorde at han sa opp jobben etter eit år.

Foto: Trude Bakke / NRK

– Mange frykta jo for å misse både identitet og makt. Men vi har jo heller blitt meir samansveisa her no. Vi har fått ein felles "fiende" i Bodø, om du vil kalle det det. I gamle Skjerstad kommune kjempa bygdene mot kvarandre, no kjempar vi saman mot Bodø om det er noko vi vil ha.

Kva makt har de då?

– Vi har jo ikkje same makta som før. Men eg set i bystyret i Bodø, saman med fleire andre politikarar frå Skjerstad. Eg opplever at vi vert lytta til, om det er noko vi treng her i utkanten.

Og dette med identitet?

– Det er ingen her som seier at dei bur i Bodø. Vi bur jo i Skjerstad og Misvær, bygdene vi kjem frå. Og det kjem vi til å gjere i all framtid, seier Gryt.

– Det går sin vante gang

1.januar 2005 var Skjerstad kommune historie. Framleis er innbyggjarane delte i spørsmålet om kommunesamanslåing var bra eller dårleg.

Rune Paulsen

Rune Paulsen meiner Bodø ikkje har fulgt opp lovnadane dei kom med etter samanslåinga, som til dømes å utbetre vegen i Misvær.

Foto: Trude Bakke / NRK

Rune Paulsen var imot også den gongen.

– Vi har fått noko men også tapt noko, seier Paulsen.

– Kva har de fått?

– Vi har fått eit betre helse- og omsorgstilbod og fekk behalde skulane vår. Ja, og så beheldt vi jo identiteten vår, det må eg sei.

– Kva har de mista då?

– Vi har mista makt, synes eg. Vi har få representantar i bystyret i Bodø, så vi får ikkje påverke så mykje der. Og vegane her i Misvær sentrum er ikkje utbetra, slik Bodø lova då vi slo oss saman. Vi har heller ikkje lenger eige næringsfond.

– Men både ordførar og rådmann meinte ein ikkje hadde råd til å stå åleine?

– Eg meiner dei ikkje gjorde nok for at vi skulle kunne stå åleine, seier Paulsen.

Merete Grunnreis var også skeptisk, men meiner samanslåinga har gått bra.

– Det går jo sin vante gang, det er ingenting å seie på det. Det går mykje betre enn frykta, seier ho.

Misvær sentrum

Misvær sentrum.

Foto: Trude Bakke / NRK

Den tidlegare Senterparti-ordføraren trekkjer det mykje lenger enn det.

– Vi har klart å oppretthalde både folketal og aktivitet etter samanslåinga. Hadde vi fortsett som eigen kommune så hadde folketalet heldt fram med å gå nedover slik det gjorde den gongen. Ungdommar vil ikkje bu i ein kommune med svak økonomi.

Så korleis vil du oppsummere samanslåinga?

– Eg vil seie at det har gått veldig godt. Men ein får jo aldri vite alternativet.