VIL HA DET GØY: André Jensen og Olav Tokerud er ikkje i tvil om at det å ha det kjekt er heilt sentralt i det dei driv med.

Banjo, rap og bygda er oppskrifta på suksess

Hagle

Det er her Hagle høyrer heime

Hagle

Raggen går

Hagle skaut gullfuglen under pandemien

Musikken deira blei til under pandemien og låtane har blitt spelt over 60 millionar gonger på Spotify. Bygda rular i norsk musikkliv.

To barndomskameratar sit og gliser i baksetet på ein gamal amerikansk bil. André Jensen og Olav Tokerud er duoen Hagle.

Dei har all grunn til å smile over ein suksess som kom like overraskande på dei som resten av musikkbransjen.

Men det er ingen tvil om at folk vil ha deira blanding av rap og country, med tekstar som levnar liten tvil om at du er på «bøgda».

– Vi såg vel ikkje for oss så veldig kva som kom til å skje. Vi byrja berre å lage noko vi sjølv synest var feitt. Så funka det bra.

NRK får vere med dei på ei ferd gjennom eit landskap dei færraste nordmenn kjenner, flate bygder i indre Østfold.

Sjølv om det berre er ein time køyre, er dette landet fleire lysår unna hipsterkoloniane på Grünerløkka.

På Raymonds Diner i Rakkestad er det langt mellom veganarane.

Her er Hagle midt i sitt kjerneområde – og det er her dei har fått sin eigen pizza oppkalla etter seg.

Mykje av inspirasjonen til låtane er henta frå oppveksten i fylket ved svenskegrensa.

– Vi skriv om det vi synest er morosamt og kult, vi reflekterer liksom Østfold i låtane, seier dei og tar seg bit pizza ekstra til ære for fotografen.

Men sjølv om det er få som blandar rap og country, er dei på ingen måte dei første i norsk bygdemusikk si historie.

– Denne musikkforma har djupe røter i norsk kultur, og er eit døme på tradisjonen som lever i beste velgåande i distrikta.

Det seier NRK-journalist og musikkhistorikar Bård Ose.

Han er ikkje overraska over suksessen til Hagle, men peikar på at dette var eit fenomen som særleg hadde godt grep om Vestlandet.

– Særleg då artistar som har blanda folkemusikk, country og viser, seier Ose.

Blant dei første var Teddy Nelson, eller Terje Nilsen, som han eigentleg heitte. I 1964 blei han den første til å gje ut ein låt med hardingfele.

Ingen samanlikning med Hagle sin rap elles, men for folk vest for fjella var nok hardingfele rekna som noko dei dreiv med «in da hood».

– Dette er musikk som er skapt utanfor og uavhengig av kva som til kvar tid er «in og hot» i byane, og då særleg Oslo, seier Bård Ose.

I dag er Teddy Nelson historie, det same er Ivar Medaas og mange andre som har gått ut av tida.

Men den norske bygdefestmusikken lever vidare i beste velgåande. Til og med så bra at musikken har fått sin eigen kategori i Spellemann, festmusikk.

Men då festmusikk-prisen blei lansert i 2021, var ikkje alle like nøgde.

– Norsk pop er Staysman, Freddy Kalas, Hagle og så vidare – like mykje som det er Sigrid og Aurora. Ein bør ikkje lage ein eigen kategori – på tvers av sjangrar – berre fordi noko er populært.

Det sa manager Aslak Klever til VG då priskategorien blei lansert – han vil at musikken skal bli tatt på alvor.

Simen Idsøe Eidsvåg, som er pressekontakt for Spellemann, skriv i ein e-post at dei ønskjer å spegle breidda og mangfaldet i det norske musikklandskapet.

Han peikar på at kategoriane endrar seg kvart år på same måte som både musikk og trendar endrar seg.

– Det var vanskeleg å finne namn og ei felles nemning på Festmusikk-kategorien, men vi synest vi at vi fann ein måte å samle dei på, sjølv om det kan vere sjangerbreidd blant dei påmelde, skriv Eidsvåg.

Hagle

Duoen Hagle under finalen i Klassequizen på NRK.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Men for duoen i Hagle handlar det uansett om dei vil ha det kjekt i lag – og lage ein musikk som fenger – uansett om publikum bur i Nordreisa eller på Mysen.

– Veldig mange skriv om det å feste på klubben i helga, men det er gøy å skrive låtar om å dra på jobb klokka fem om morgonen også. Vi er veldig glad i kvardagslege ting.

André Jensen og Olav Tokerud legg ikkje skjul på at dei er godt nøgde med at deira miks av rap og country no når ut til eit stadig større publikum.

No legg dei ut på ein omfattande sommarturné, 26 konsertar i alt.

– Vi kjem til å gønne på med østfolddialekt og banjo. Det synest vi er feitt og det funkar gørbra.

Og så nær svenskegrensa er dei i alle fall samde om ein ting:

Raggen måste gå!

Norsk musikkprogram. Countryartistene Skeeter Davis, Teddy Nelson, Anne Engh, Thor Hilmersen, countrybandet Country Snakes og bluegrassgruppa Nyslått spiller opp på ungdomshuset Sandvin i Bø - et av Telemarks mest populære danselokaler. På repertoaret til amerikanske Skeeter Davis og de norske countrymusikene står "Dans i Selfjord", "Foggy Mountain", "Ring of fire", "Rocky Top" og mye mer.
Programleder: Halvor Kleppen.
Ved Halvor Kleppen og Pål Veiglum.

Teddy Nelson rappa lite, men var til gjengjeld ein svært populær artist.