Nabodrapet i Vestringsbygda.

Drap naboen sin i Valdres - berga av kjendisopprop

Ein mann skaut naboen sin og vart dømd til døden. Norske kulturkjendisar, med Bjørnstjerne Bjørnson i spissen, starta ein folkeaksjon for å berge den hemngjerrige bonden frå halshogging.

17. november 1858 skal Ole Høiland køyre eit lass med korn frå garden sin i Vestringsbygdi i Valdres til mølla på plassen Sagabakken, ikkje så langt unna. Han kjem til ein bakke på Vesterbømoen, og for å spare hesten stig han av og går ved sida av vogna.

Han høyrer eit smell, og med eitt kjenner han ei sterk smerte i ryggen. Han forstår først ikkje heilt kva som har skjedd, men greier å karre seg opp i vogna igjen. Han ropar på hjelp, samstundes som han får hesten til å setje kursen mot den nærmaste garden.

Det har gått opp for Ole Høiland at han er skoten. Ein mann og sonen hans frå den nærmaste garden forstår at noko har skjedd, og dei spring han i møte. Høiland er sterkt svekt, men greier å fortelje at han er skoten.

Han er også sikker på kven som skaut.

Dødsdommen i Nesset

17 år tidlegare, i 1841, opplever då ni år gamle Bjørnstjerne Bjørnson noko som skal gjere eit uutsletteleg inntrykk på han heime i Nesset i Romsdal. Ein ung mann i bygda er dømd til døden for å ha teke livet av den gravide kjærasten sin.

Faren til Bjørnstjerne, Peder Bjørnson, er sokneprest i bygda. Han skal gjere presteteneste under avrettinga, og han har teke ei avgjerd om at sonen, som han meiner har for mykje villskap i seg, skal bli med og sjå på. Håpet er at Bjørnstjerne skal lære noko av det, at han skal bli mindre kjepphøg.

Det blir ei forferdeleg oppleving for den vesle guten.

Bjørnson skreiv seinare ei forteljing om dette, «Et stygt barndomsminne». I forteljinga kjem det fram at ungguten som vart halshogd denne dagen, ikkje var den eigentleg skuldige. Han tilstod drapet på den gravide jenta for å dekkje over at det eigentleg var mor hans som hadde teke livet av henne. Mora meinte at tenestejenta ikkje var bra nok for sonen, ifølgje forteljinga.

Bjørnson skriv også at fleire av dei som var med på å dømme guten til døden og administrerte halshogginga, sjølve hadde sine svin på skogen. Både sorenskrivaren, lensmannen og futen hadde gjort seg skuldige i alvorlege lovbrot, ifølgje forfattaren.

Edvard Hoem

Bjørnson-biografen Edvard Hoem fortel at avrettinga i Nesset fekk ei stor betydning for korleis Bjørnson utvikla seg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I fleire av biografiane om Bjørnstjerne Bjørnson blir denne avrettinga vurdert som svært avgjerande for korleis prestesonen frå Nesset utvikla seg som menneske, diktar og humanist. Mannen bak den siste Bjørnson-biografien, Edvard Hoem, seier til NRK at opplevinga fekk ei «fundamental betydning» for livet hans vidare.

Nabofiendskap

Vestringsbygda er eit naturvakkert bygdesamfunn på vestsida av Aurdalsfjorden i Nord-Aurdal kommune i Valdres. Framleis er landbruket ei viktig næring i den grøderike bygda, men på midten av 1800-talet var gardsdrift og dyrking av jorda nærmast einerådande.

Hadde du ein gard kunne du brødfø familien din på ein skikkeleg måte. Var du utan gard, var det langt vanskelegare.

Ole Høiland hadde kome skikkeleg på kant med naboen sin, Arne Kulterstad. Fiendskapen var gjensidig, og dei to karane var i tottane på kvarandre både titt og ofte. Særleg når det var alkohol med i spelet.

Begge dei to karane vart gifte og hadde fleire born.

Bakgrunnen for det dårlege naboforholdet var ein omstridd gardshandel. Ole Høiland kjøpte odelsgarden til broren til Arne Kulterstad for ein pris mange meinte var latterleg låg. Det vart også snakka om at seljaren var full då papira vart underskrivne. Arne Kulterstad og broren gjekk til retten for å få omgjort handelen, men dei vann ikkje fram.

Knivstikking på tinget

Det vart aldri funne bevis for at seljaren var full då han skreiv under salspapira, men det vart snakka om det i bygda. Det var også skuldingar om at folk hadde fått godt betalt for å vitne falskt i retten. Dette kjem fram blant anna i Per Hohles bok «De endte på skafottet».

Under ei tingsamling i Aurdal våren 1858 kom det til den mest alvorlege samanstøyten mellom dei to naboane hittil. Arne går laus på Ole med nevane, og det endar med at Ole Høiland stikk kniven sin i handa til Kulterstad og skadar han alvorleg.

Arne lovde å hemne knivstikkinga. Han klaga saka inn for lensmannen, men Høiland hadde svar på tiltale. Det var naboen som hadde slått først, sa han, han berre forsvarte seg.

Rettsapparatet avviste tvert sakene dei to ville reise mot kvarandre.

Det var stadig nye omdreiingar i den eskalerande fiendskapen mellom dei to naboane. Meir enn ein gong fortalde folk i nabolaget at Kulterstad hadde gitt uttrykk for at han ynskte livet av Ole Høiland.

Luftfoto av Vestringsbygdi.

Drapet skjedde i området der krysset er. Innsjøen på vi ser på biletet over Vestringsbygdi blir kalla både Dokkafjorden og Aurdalsfjorden.

Foto: Google Earth

Fekk ikkje legehjelp

Naboane som kom til etter at Ole Høiland vart skoten denne novemberdagen, fekk den alvorleg såra mannen i hus. Dei sende bod på doktoren, men han var utanbygds. Det gjekk fleire dagar før Høiland fekk legehjelp.

Han gjekk inn og ut av koma. Når han var vaken tok han opp att kven som stod bak skytinga, og han var aldri i tvil om at det var erkefienden Arne Kulterstad.

Etter ti dagar døyr Ole Høiland av skadane.

Sjølv om ingen såg det som skjedde, fann lensmannen det høgst sannsynleg at det var Arne Kulterstad som hadde teke livet av naboen han bar eit så sterkt hat til. Kulterstad nekta hardnakka, han fortalde kva han hadde gjort den dagen, og han hadde ikkje vore i nærleiken av staden der skotet fall.

Men forklaringa hans slo sprekker. Det var vitne som har sett han på stader der han sa at han ikkje hadde vore, og tidspunkta han oppga til lensmannen stemde heller ikkje med det vitna hadde fortalt.

Då dei undersøkte kula som tok livet av Ole Høiland, så viste det seg at ho passa mistenkjeleg godt til geværet hans.

Nabodrapet i Vestringsbygda

Nettet snører seg

Nettet snørte seg saman rundt den tidlegare soldaten og skarpskyttaren, men han nekta all skuld. Vel hadde han ikkje noko til overs for Høiland, men han avviste at han hadde noko med skytinga på møllevegen å gjere.

Arne Kulterstad hadde eit blanda rykte i heimbygda. Han var furer, den lågaste underoffisersgraden, i Valderske kompani i mange år, var kjent for å vere ein dugande skarpskyttar og for å vere skikkeleg sprek. Det gjekk gjetord om hallingkasta han gjorde på dansegolvet.

Han vart sparka ut av Valderske korps etter 14 års teneste i 1856, etter å ha kome i krangel med ein overordna. Han fekk ein krigsrettsdom på 40 dagars fengsel for «subordinationsstridigt forhold».

Han var han kjent for lett å hamne i slagsmål, han hadde eit ofseleg temperament og hadde ord på seg for å vere hemngjerrig. Det var ikkje uvanleg at han trakk kniven mot dei han slost med, blei det fortalt.

Rettargang

Arne Kulterstad vart stilt for Underretten, det vil seie hos Sorenskrivaren i Valdres. Maktapparatet tok ikkje lett på slike saker på denne tida. Vitnelista var lang, det var snakk om rundt 150 personar som forklarte seg i løpet av rettssaka. Og det såg verre og verre ut for den tiltalte time for time, dag for dag under rettsforhandlingane. Bevisa mot han hopa seg opp, ifølgje rettsreferatet.

Kulterstad var like steil. Han nekta for alt.

27. juni 1859 fall dommen i Underretten. Arne Kulterstad var skuldig, og aktor fekk medhald i kravet om dødsstraff. I 1859 var det einstydig med halshogging.

Saka vart anka, først til Christiania Stiftsoverrett. 29. august fall dommen her, og resultatet var det same. Anken gjekk deretter vidare til høgsterett.

19. november 1860, på dagen eitt år etter at det fatale skotet fall like ved Sagabakken i Vestringsbygda, stadfesta også Høgsterett dødsdommen.

Det såg svart ut for Arne Kulterstad.

Forfattar og samfunnsdebattant

Bjørnstjerne Bjørnson.

Bilete av Bjørnstjerne Bjørnson frå den tida då han engasjerte seg i saka til Arne Kulterstad.

I 1860 var Bjørnstjerne Bjørnson 28 år gammal, busett i Oslo og alt ein markant skikkelse i den norske samfunnsdebatten. Han var aktiv i avisspaltene med synspunkt på det meste som skjedde i samfunnet. Han skreiv dikt og forteljingar, og han var godt i gang med å byggje seg opp til den åndshovdingen han skulle kome til å bli.

Gjennom avisene blir han kjent med saka til Arne Kulterstad, som då var dømd til døden i tre rettsinstansar. Det var raskt klart for han at han måtte møte den dødsdømde. Minna frå barndomen i Nesset og avrettinga der sat i han.

På dette tidspunktet venta Arne Kulterstad på effektuering av dødsdommen på Akershus festning i Oslo. Det vart eit sterkt møte mellom den unge diktaren og den sju år eldre drapsdømde bonden frå Valdres.

Den dømde var prega av sterk dødsangst. Han sa til Bjørnson at han hadde funne Gud i fengselet, og han nekta ikkje lenger på at det var han som fyrte av skotet som tok livet av Ole Høiland.

Han fortalde gråtande at han angra på at han ikkje hadde fortalt sanninga i retten.

– Det var aldri meininga å drepe, eg ville berre merke han i handa slik Høiland hadde merkt meg med kniven. Eg fyrte av skotet då eg såg at Høiland hadde handa på vedlasset, og eg sikta direkte på handa, sa Kulterstad til Bjørnson.

Han forklarte at Høiland plutseleg hadde bevega på seg, slik at kula gjekk inn i ryggen på han i staden for i handa, slik han hadde meint. Han sa også at det var forsvararen hans som hadde gitt han rådet om ikkje å fortelje sanninga om det som skjedde. Han var også redd for å tape ansikt når det kom fram at han ikkje hadde snakka sant.

Regjeringsadvokat Duncker.

Regjeringsadvokat Dunker var forsvararen til Arne Kulterstad.

Forsvararen hans var regjeringsadvokat Berhard Dunker. Han var det nærmaste ein kom ein kjendisadvokat på den tida, han vart og rekna som ein av dei beste skrankeadvokatane i Noreg.

Det er vanskeleg å få verifisert om Dunker verkeleg rådde Kulterstad til å ikkje tilstå.

Bjørnson fekk sympati for Kulterstad, og han trudde på historia hans. Han var sikker på at valdresbonden ikkje var i stand til å planleggje eit drap. Kulterstad var kjent som ein dugande skarpskyttar, og det gjorde det sannsynleg at han verkeleg prøvde å treffe handa, vurderte han.

Avisinnlegget

Møtet på Akershus festning resulterte i eit innlegg av Bjørnson i avisa Aftenbladet i Oslo 25. februar 1860.

«Jeg spurgte ham, om han ikke synes det var bedre at gaa vel forberedt i Døden end at leve sit Liv mellem Slaver. Men han unveg Spørgsmaalet; han vilde blot leve, leve. Siden sagde han: Som jeg nu er, kan jeg ialfald ikke dø; jeg må have utsettelse».

Trass i at Bjørnson hadde sympati for Kulterstad, så gav han langt frå eit eintydig positivt bilete av han i avisartikkelen. Han karakteriserte valdrisen som mindre gåverik, einfaldig, skrytande og med eit vanskeleg lynne. Men konklusjonen hans var klar: Denne mannen var ikkje i stand til å planleggje og så gjennomføre eit drap.

Derfor trudde han på forklaringa om at ekssoldaten berre ville skade erkefienden sin. På den tida skilde dei mellom mord og drap. Mord er det vi i dag kallar forsettleg drap, altså at gjerningspersonen hadde som formål å ta liv.

Drap tilsvarar det vi i dag kallar aktlaust drap. At det ikkje er tvil om sjølve gjerninga, men at gjerningspersonen eigentleg ikkje ville drepe.

Å bli funnen skuldig i mord blei straffa med døden, medan ein drapsdom normalt førte til livsvarig straffarbeid. Bjørnstjerne Bjørnson starta med dette avisinnlegget ein kamp for å få straffa til Arne Kulterstad gjort om frå halshogging til livsvarig slaveri.

Innlegget til Bjørnstjerne Bjørnson i Aftenbladet 25. februar 1860

Vinje mot Bjørnson

A. O. Vinje

Aasmund Olavsson Vinje vart sterkt kritisk til Bjørnson og hans engasjement for Arne Kulsterstad.

Foto: SCANPIX / NTB scanpix

Innlegget til Bjørnstjerne Bjørnson i Aftenbladet vekte sterke reaksjonar. Han møtte ein del motbør, det var langt frå alle som sette pris på det han hadde sett i gang. Ein av dei som nærmast latterleggjorde Bjørnson og engasjementet hans for den drapsdømde valdrisen, var juristen, forfattaren og redaktøren Aasmund Olavsson Vinje.

I avisa si Dølen skulda han Bjørnson for å vere ein villstyring som gjer opprør både mot høgsterett og regjering, og han kalla Bjørnson for ein «sjelekremmar». Det var mange som meinte at ein forfattar burde halde seg unna jussen og rettsvesenet sine avgjerder.

I eit anna innlegg heitte det: «denne forvirrede dikternatur som med sin ustyrlige lyst til ved hver leilighet å stifte uro og gjøre kvalm».

Og her er eitt til: «Vel er Bjørnson i sine småfortellinger en overordentlig dikterbegavelse, neppe i vårt land overgått av andre enn Holberg og Wergeland, men det er meget beklagelig at han ikke kan avholde sig fra å tre utenfor den ham av naturen anviste åndelige virksomhet».

18. mars 1860 sende Arne Kulterstad sjølv eit kjensleladd brev til kongen med bøn om å få behalde livet.

Kjendisopprop

Trass i motstanden frå Vinje og andre samfunnsdebattantar fekk Bjørnson dei fleste med seg. I slutten av mars 1860 står avisene Aftenbladet, Christianiaposten og Morgenbladet saman i kravet om at Arne Kulterstad måtte få nåde. Samstundes vart det lagt ut underskriftslister i bokhandelane i byen for å samle støtte for at straffa skulle gjerast om frå halshogging til livsvarig fengsel.

Stadig fleire av kulturkjendisane på denne tida kasta seg inn i kampen. Blant dei som skreiv under finn vi blant andre Henrik Ibsen, J. Sverdrup, Didrik Schnitler, Fru Conradine Duncker, Christian Fougner, Richard Nordraak, professor Brandt og Karoline Bjørnson for å nemne nokre.

Også i Valdres var det mange som støtta denne kampen. Drapsofferet Ole Høiland var ifølgje fleire kjelder ikkje særleg velsett i bygda. Det vart sitert i osloavisene at ein sambygding hadde sagt at Arne Kulterstad heller burde fått «skøttpeng» for å ha teke livet av Høiland. Skøttpeng er dialekt for skotpremie.

Søknaden om nåde vart avslått av regjeringa, men det var andre som tydelegvis hadde fått med seg den folkelege støtta til den dødsdømde.

Skarprettarøksa til Samson Isberg.

Dette er skarprettarøksa som Samson Isberg hadde med i bagasjen på veg til Valdres.

Foto: Justismuseet

Skarprettaren på veg

Då alle ankealternativa vart brukte opp, var det ingen veg tilbake. Den nasjonale skarprettaren, Samson Isberg, som heldt til i Bergen, fekk beskjed om å pakke utstyret sitt og reise til Valdres. Han skulle halshogge bonden og firebarnsfaren Arne Kulterstad. Det var vanleg at avrettinga skjedde på staden der brotsverket var gjort.

Så tok saka ei uventa og dramatisk vending.

Kong Karl IV.

Kong Karl IV tok grep og gjekk inn for å gjere om dødsdommen til livsvarig slaveri.

Foto: Kongehuset.no

Det viser seg at statsrådsavdelinga i Stockholm innstilte på ein ny kongeleg resolusjon om nådesøknaden frå den dødsdømde og støttespelarane hans. Kong Karl IV overraska mange med avgjerda om at Kulterstad likevel skulle få nåde.

Dødsdommen vart gjort om til livsvarig slaveri.

Fleire skriftlege kjelder, blant andre Per Hohle, fortel at Samson Isberg var komen heilt til Vestre Slidre, då han fekk beskjed om at avrettinga var avlyst og han kunne returnere tilbake over Filefjell, via Lærdal og til Bergen.

Professor Amund Helland sa i avisene den gongen at Bjørnson med sin agitasjon for Kulterstad nærmast hadde gjort den drapsdømde mannen til ein folkehelt. Han meinte også at avgjerda om å gjere om dødsdommen først og fremst var politisk.

«Karl IV hadde paa den tid mod givet løfte nægtet sanktion paa lov om ophævelse af statholderposten i Norge, og det antoges at aarsaken til Kulterstads benaadning var ønsket om at formilde opinionen».

Men Bjørnstjerne Bjørnson sin kamp for Arne Kulterstad stansa ikkje med at han var berga frå skafottet.

På slaveriet

Arne Kulterstad, som enno ikkje var meir enn 35 år, kunne kjenne stor glede over at han ikkje skulle avrettast. Men det han hadde å sjå fram til var heller ikkje lysteleg. Slaveriet på Akershus festning for resten av livet. Knallhardt arbeid, og med svært avgrensa sjanse til å ha kontakt med familien.

Bjørnstjerne Bjørnson vaks på denne saka. Populariteten hans var aukande i det norske folk. Det ville han sikkert ha gjort også utan engasjementet for Arne Kulterstad, men det var med på å støtte opp under ryktet hans som ein stor humanist.

Prestesonen var på veg til å bli den åndshovdingen vi kjenner han som i dag, og posisjonen hans i det norske åndslivet i andre halvdelen av det 19. hundreåret og starten på det 20.-, var sterk.

Vi veit lite om tida til Arne Kulterstad si tid på slaveriet, men vi kan vere sikre på at livet hans var prega av hardt arbeid og åndeleg oppbygging. Vi veit at han hadde kontakt med Bjørnstjerne Bjørnson i denne tida, og at han gav uttrykk for at han var evig takksam.

Sjølv om diktarhovdingen var sju år yngre enn Kulterstad, kalla den no livstidsdømde konsekvent Bjørnson for far. Dette var fordi, som han sjølv sa det, han hadde gitt han livet att når alt håp var ute.

Bjørnstjerne Bjørnson kom også til å bli sentral i arbeidet med å få valdresbonden fri frå slaveriet. Saman med mange andre i den dåverande kultureliten starta han ein ny kamp for Arne Kulsterstad, denne gong for å få han ut av slaveriet.

Livstidsfangen fekk gode skotsmål av direksjon og vakter på Akershus. Han hadde vist god framferd, men det skulle gå 20 år før han igjen var ein fri mann.

Eitt av vilkåra for å bli sett fri var at han ikkje skulle opphalde seg i Noreg.

Eit par av sønene hans hadde i mellomtida emigrert til USA, og han reiste dit for å skape seg eit nytt liv på prærien i Wisconsin i ein alder av 55 år.

Djupt engasjement

Bjørnstjerne Bjørnson engasjerte seg også i fleire andre saker, både her i landet og i utlandet. Edvard Hoem trekkjer fram to saker i utlandet. Italienske Linda Murri var dømd til døden for å ha teke livet av ektemannen. Bjørnson får lese dagbøkene hennar, og han blir sikker på at ho umogleg kan ha vore skuldig.

Han engasjerte seg sterkt i saka, som enda med at ho vart benåda.

– Ho var så takknemleg at ho i høg alder og med svekt helse i 1907 køyrde bil frå Roma til Aulestad for å takke Bjørnson personleg, fortel Hoem.

Han nemner også Dreyfus-saka, der ein fransk offiser med jødisk bakgrunn vart skulda for å ha spionert for Tyskland.

– Bjørnson skreiv fleire innlegg i utanlandske aviser til støtte for Dreyfus, og då han vart sett fri vart dei to nære vener, seier Edvard Hoem.

Forfattaren og Bjørnson-biografen fortel at Bjørnson ikkje var prinsipiell motstandar av dødsstraff, men at han var svært oppteken av å hindre at menneske som ikkje fortente det, skulle dømmast til ei slik straff.

Invitert til Aulestad

Livet i Amerika vart nok ikkje heilt som det skulle for Arne Kulterstad. Edvard Hoem skriv i sin Bjørnson-biografi at Arne Kulterstad kom for å møte Bjørnson under eit besøk i Madison i Wisconsin. Her fortel han til velgjerningsmannen sin at han angra på at han reiste til Amerika. Han var for gammal til det, sa han, og han klaga over at dei av borna hans som var der, skamma seg over han.

Bjørnson syntest han såg frisk ut. Kulterstad sa at han ville til Noreg, og han ville gjerne vere hos Bjørnson. Det kom så langt at Bjørnson tilbaud seg å betale heimreisa hans, og diktaren gav tilbod om at han kunne bu på garden hans Aulestad i Gausdal.

I eit brev til kona Karoline skriv Bjørnstjerne Bjørnson dette:

«Hos mig kan han passe hæsterne og få det lille kammers. Hvis han kommer, må I for hans og min skyll tage kærligt mod ham. Han er ænnu en kæmpe, og han har kærlighed til livet og læsing og gode mænnesker. Det gæller at vinne hans fortrolighed og tillit, og det må Reimers og du forsøge».

Dette vart aldri noko av, truleg svikta motet til Kulterstad når det gjaldt å reise tilbake til Noreg. Eitt av vilkåra for at han vart fri frå slaveriet var nettopp at han måtte reise frå Noreg. Det kan ha vore dette som stansa turen til gamlelandet.

Det er lite kjent korleis livet hans var der borte i Dane County. Den kjende politikaren, lokalhistorikaren og folkeminnegranskaren O.K. Ødegaard (1847-1932), som var frå Valdres, nemner saka i boka «Gamalt fraa Valdres». Boka er skriven på valdresdialekt. Han skriv dette om opphaldet til Arne Kulterstad i Amerika.

«Dei sa so ymse um, kosst’n stelte se derburte».

Det kan vel tolkast som at det ikkje var berre velstand for valdrisen i hans nye liv i USA.

Skulda Bjørnson for løgn

Ingebert Kulterstad, som sjølv var direkte etterkomar etter drapsofferet Ole Høiland, skreiv om denne saka i ei lita bok frå 1985, «Folket frå Kulterstad og Landmark». Han la vekt på at Arne Kulterstad hadde med seg bråsinnet og hemnlysta til Amerika, og at det var vanskeleg for han der. Han var kjent for å ha eit vanskeleg gemytt i Noreg, og det vart truleg ikkje borte sjølv etter 20 år med straffarbeid.

Han fortel at det var ein evnesvak kar i bygda som dei kalla for Liaguten. Han var ifølgje boka «en einfaldig og troskyldig mann som folk kunne holde spetakkel med». Så var det nokre «spetakkelfanter» som hadde fortalt han ei historie om at Arne Kulterstad skulle setjast fri frå fengsel, og at han skulle få 100 dalar i «skøttpeng» i tillegg.

Denne historia gjekk Liaguten og fortalde til alle han møtte, og ifølgje Ingebert Kulterstad var det denne historia Bjørnstjerne Bjørnson hadde teke vidare og framstilt, som om det var den alminnelege meininga til folk i Valdres.

Han viser i boka også fram den tinglyste avtalen mellom dei to, og det viser ein detaljert avtale der foreldra til seljaren skal ha rett til å bu på garden så lenge dei lever. I tillegg var det fleire andre «gode» som seljarane hadde rett på.

Gravsteinen til Arne Kulsterstad.

Gravsteinen til Arne Kulterstad i Mount Horeb i Wisconsin i USA.

Foto: Findagrave.com

Døden i Amerika

Arne Kulterstad kom seg aldri heim til Noreg. Men han gløymde aldri den innsatsen Bjørnstjerne Bjørnson hadde gjort for å berge han frå skafottet. Før han døydde sende han eit langt og rørande brev til Bjørnstjerne Bjørnson. Han innleidde det slik:

«Kære Fader!

Tillad mig at holde Dem med dette for mig saa søde Navn for den ubeskrivelige Godhed og Velgjernnig som De har ydet mig kan jeg med Rette kalde Dem min anden Fader, thi jeg har Dem at takke for at mi Liv ble frelst fra det redselsfulle Onde som var tilstelt for mig og tillige har jeg Dem at takke for at jeg fikk min Frihed».

Arne Fliflet fortel i boka si om Kulterstad-saka, «En blodhevnsak i Valdres» frå 1941, at då Bjørnstjerne Bjørnson fekk brevet heime på Aulestad, så bad han kona Karoline om å lese det høgt. Slik er det skildra i boka til Fiflet:

«Et vemodig smil fester sig under lesningen på hans leber, så rekker han brevet til sin hustru og ber henne lese det høit, og Bjørnsons øine stråler av glede».

Brevet heng framleis i glas og ramme på Aulestad, som i dag er museum.

Dette brevet frå Arne Kulsterstad til Bjørnstjerne Bjørnson heng i glas og ramme på Aulestad.

Brevet frå Arne Kulterstad til Bjørnstjerne Bjørnson heng i glas og ramme på Aulestad

Foto: Aulestad

I 1902 var det slutt for Arne Kulterstad. Han er gravlagd på kyrkjegarden i Mount Horeb i Dane County i Wisconsin. På gravsteinen står namnet hans, at han levde frå 1825 til 1902, og at han var frå Valdres i Noreg.

Det står også: «Befriended by Bjørnson».

Befriended kan ha to betydningar. Det kan bety at han var venen til Bjørnson, men det kan også nærmast bety berga eller frelst av Bjørnson.

På gravsteinen er det også skrive inn «at peace at last», altså at han endeleg har fått fred.

For det var langt frå fred som prega livet hans på jorda.