Marsj på Kongevegen.

Det var ein tøff marsj frå Lærdal til Gardermoen for bondesoldatane frå Sunnmøre.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Fare fare krigsmand - døden skal du lide

Juni 1864. Ei gruppe norske bondesoldatar har starta ein marsj frå Lærdal i Sogn og Fjordane med Gardermoen i Akershus som første mål. Dei er mobiliserte for å hjelpe Danmark etter at Austerrike og Preussen invaderte landet. Ein av mennene i den vandrande, uniformerte flokken er oldefaren min.

1864. Årstalet har brent seg inn i dansk historie som eit stort traume. Landet miste 20 prosent av landarealet og ein tredel av innbyggjarane i ein blodig krig mot Preussen og Austerrike. Ikkje slik at ein tredel miste livet i krigshandlingane, men som følgje av at store folketette landområde gjekk tapt til fienden.

Mindre kjent er det at fleire tusen norske bønder vart mobiliserte for å hjelpe danskane mot overmakta.

Det store spelet

En norsk soldat med gevær fra 1800

Slik kan oldefar ha sett ut på vandringa til Gardermoen.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Mange var involverte her i landet i det store spelet rundt krigen i Danmark. Kongen, Stortinget, Dei store hovdingane i norsk litteratur på den tida, Bjørnson og Ibsen, songglade studentar med punsj i glasa og danskætta embetsmenn med sterke kjensler for gamlelandet.

Til og med oldefar min, Jens Olaus Karolussen Tandstad, ein fattig gardbrukar frå Sunnmøre, hadde ei rolle. Han var ein av dei kongen hadde plukka ut til å delta i ein norsk-svensk styrke som skulle setjast inn i krigen på dansk side.

Eg har i mange år tenkt på å gå i fotspora til oldefaren min frå Lærdal over Filefjell til Gardermoen. Sist sommar gjekk eg i alle fall ein del av ruta. For meg var naturopplevinga det viktigaste. For oldefar og medsoldatane hans var det heilt andre ting som stod på spel.

For dei var det liv eller død. Dei visste ikkje om dei nokon gong ville kome heim. Dei var utkommanderte til å ofre livet i ein krig dei sikkert ikkje visste så mykje om.

Den andre slesvigske krig

Krigen i Danmark i 1864 vart kalla den andre slesvigske krig. Striden stod om hertugdømma Slesvig og Holstein. Danmark blir skulda for å ha framprovosert ein krig dei visste, eller burde ha visst, dei aldri hadde ein sjanse til å vinne.

Hjem fra Dybbøl

Danske soldatar på retrett etter nederlag på slagmarka i Sør-Jylland.

Foto: Montasje Gads Forlag København

Det danske diplomatiet arbeidde på høggir for å skaffe hjelp til forsvaret av landet. Kong Carl, som styrte tvillingrika Sverige og Noreg, var tilhengjar av eit sameint Skandinavia, og han ville gjerne hjelpe danskane.

Vonde tunger har sagt at årsaka til dette truleg var at han såg seg sjølv som ein mogleg felles konge for dei tre skandinaviske landa om dei vart samla til eitt rike.

Kongen hadde ein plan om å samle 20.000 soldatar, 4000 frå Noreg og resten frå Sverige, i Skåne for derfrå å kome Danmark til hjelp. I tillegg kom store delar av både den svenske- og den norske marinen.

Kong Carl søkte støtte for planane i Stortinget, og han fekk eit solid fleirtal for ei norsk mobilisering. Det vart også løyvd pengar.

Både ja og nei

Stortinget vedtok også, rett nok med eit relativt lite fleirtal, ein tekst som klart sa frå om at fleirtalet av det norske folk var motstandar av å gå til krig for å støtte Danmark. Dermed hadde Stortinget vedteke at norske soldatar skulle mobiliserast, men også at folket eigentleg er motstandarar av å hjelpe nabolandet i sør.

Stortinget vedtok dette i mars 1864:

«Stortinget samtykker i, at Norges linietropper og roflotille, naar og forsaavidt hans majestæt maatte finde det fornødent, anvendes til bistand for Danmark under dets krig med den tyske magter».

Så litt seinare kom dette vedtaket:

«Skjønt den store flerhed af det norske folk sikkerlig ikke ønsker nogen nærmere politisk forbindelse mellom de forenede riger og Danmark».

Med «forenede riger» er meint Noreg og Sverige.

Universitetet i Oslo

Det noverande Stortinget vart ikkje teke i bruk før i 1866. I 1864 samla representantane seg i Den gamle festsal i Universitetet på Karljohansgate i Oslo.

Foto: Dina Johnsen / NRK

Med dampskip til Trondheim

For oldefar starta dramaet tidleg i mai. Saman med andre utkommanderte frå Ørskougske Kompani av Det nordfjordske musketeerkorps gjekk ferda først til Trondheim og det militære øvingsområdet Øisanden i Melhus. Her skulle dei førebu seg til krigen.

Liknande mobiliseringar fann stad på Austlandet. Her vart soldatane sende rett til Gardermoen.

Det står lite om denne mobiliseringa i historiske verk, men i avisene frå den gongen kan ein finne litt.

I avisa Aftenbladet for 12. mai 1864 blir det meldt frå Molde i Møre og Romsdal at soldatar frå Romsdal reiste med dampskipet «Sundmør» frå Molde til Trondheim for å delta på ei større militærøving på Øisanden i Melhus kommune som førebuing til krigsinnsats i Danmark. I den korte meldinga blir det fortalt at det var stor jubel for soldatane før avreise med hornmusikk og hurrarop.

Men det blir også fortalt om sterke farvel-scener og mykje gråt. Mange av familiemedlemene på dampskipskaia var sikre på at dei aldri ville få sjå sine kjære igjen, står det i notisen.

Det står også at soldatane frå Sunnmøre vart sende til Trondheim med dampskipet «Baron Jarl», og her var nok forfaren min med. Han var då 27 år gammal og framleis ugift.

Øysand ved Gaulosen i Melhus

Det var i dette området ved Gaulosen i Melhus at soldatane var samla våren 1864. Dette biletet er frå 2014.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

«Soldatene led meget ondt»

Eg veit at oldefar vart farlaus som treåring i 1840. Mor hans gifte seg opp att i 1841, men ho døydde alt tre år seinare. I 1864 var det nok framleis stefaren hans som dreiv garden, men han skøytte over bruket til Jens Olaus då sistnemnde gifte seg i 1869.

Trondhjems Adresseavis fortel at den store øvinga på Øisanden i første omgang vart utsett på grunn av vanskelege verforhold. Det var uvanleg sein vår i Trøndelag i 1864, og det snødde og hagla til langt ut i mai.

Øvinga kom likevel i gang, men støytte på mange problem. Utstyret til soldatane var forseinka, dei mangla blant anna skikkeleg fottøy. Likevel vart dei kommanderte ut på lange utmarsjar, og mange fekk til dels alvorlege gnagsår.

Leirområdet var fullt av snø, og når snøsmeltinga først kom i gang så vart det flaum. Halmen som vart brukt til soveunderlag for soldatane vart våt, og det var rett og slett forferdelege forhold.

Det vart seinare skrive i Trondhjems Adresseavis om øvinga at «soldatene led meget ondt».

Trua med opprør

Stemninga blant soldatane var til tider svært amper, og det var ei gruppe som nærmast trua med å gjere mytteri. Dei ville nekte å ta ordre frå offiserane sine og marsjere til Trondheim.

Kaptein Simon Lauritz Klüver

Kaptein Simon Lauritz Klüver var kjent for å ha eit godt forhold til soldatane sine i Ørskougske kompani av Nordfjordske musketeerkorps.

Soldatane frå Sunnmøre var under kommando av kaptein Simon Lauritz Klüver. I ein biografi om Klüver er denne øvinga på Øisanden nemnt. Her heiter det at soldatane hadde eit nært forhold til sjefen sin, og at han nærmast var som ein far for dei.

Då trønderane ville gjere opprør, nekta dei å vere med på det. Dei ville ikkje gå i mot Klüver sine ordrar. Og etter kvart roa situasjonen seg ned i leirområdet.

Det blir sagt om Simon Lauritz Klüver at han, trass i at han fekk den militære utdanninga si i ei tid då «stokkeprygel» var ein del av kulturen, så var denne forma for kadaverdisiplin fjernt for han. Han kjende alle soldatane sine personleg, og han hadde ei eiga evne til å kommunisere med dei, ifølgje biografien.

Når Klüver ikkje var i felt med soldatane sine, var han ein lidenskapeleg hage-entusiast. Han brukte all fritida si på å stelle i hagen, og han elska å vise fram blomeprakta til alle som vitja han i heimen hans i Ørskog.

Dette var altså sjefen til oldefar min og dei andre bondesoldatane frå Ørskougske kompani.

Masete og streng oberst

Ein annan som var med på øvinga på Øisanden i Melhus, Elias Petter T. Muri frå Valldal i Norddal kommune, sa dette i eit intervju med Sunnmørsposten 17. september 1936:

– Akkurat krig var eg ikkje med på. Men eg var på Øisanden (Ved Gaulosen) der vi låg i to månader og bidde på ordre til å fare til Danmark for å hjelpe våre frendar danskane i den dansk-tyske krig. Det var kritisk og spent, og mange var nervøse. Men vi var mange som gjerne vilde fare og, seier han blant anna i intervjuet, som er ført i pennen av lærar Karl Rem.

Muri vart seinare yrkesmilitær, og han hadde tittelen premiersersjant.

Han fortel om forholda på Øisanden våren 1864:

– På Øisanden stod vi under ein oberst Bjerk, som var fælt hard og streng, han maste og dreiv oss overmåte hardt den heile tid. Han var fælt ille likt. Millom anna kommanderte han oss fleire gonger for vika til å bade i den iskalde og farlege Gaula. Det var slike farlege kvervelstraumar der. To mann drukna, og ved badinga var det mykje knurr både av befal og meinige.

Han fortel også at stokkepryl ikkje var uvanleg i hans tid. Ein haslestokk så tjukk at han gjekk gjennom eit grovt børseløp, vart brukt til å slå med. Ein underoffiser vart kommandert til å slå, medan alle offiserane stod og såg på. I slike tilfelle var det somme som seig saman under slaga.

I den første tida han var med måtte dei halde seg sjølve med mat. Dei hadde med seg kake (brød), flatbrød og annan mat, som måtte vare både fem, seks og sju veker.

– Det mygla gjerne for oss, og somme vart då sjuke. Det var nok takka vere militærlegane at denne ordninga vart avskaffa, seier Muri i intervjuet.

Avdeling med god disiplin

Tidleg i juni er den store øvinga på Øisanden over for oldefar og kompaniet hans, og no byrjar det å bli smått med kjelder som fortel kva som skjedde vidare.

Den einaste skriftlege kjelda for kva som skjer har eg frå Gardssoga for Sykkylven av Gustav Weiberg-Aurdal. Truleg har han fått opplysningane via munnleg overlevering frå ein slektning av ein av dei fire frå Sykkylven som var mobiliserte.

Dei fekk beskjed om å ta seg til Gardermoen for å slutte seg til beredskapsstyrken som skulle hjelpe danskane, i tilfelle Noreg skulle gå inn i krigen. Årsaka til at nettopp soldatane frå Ørskougske vart valde ut, kan ha samanheng med den ampre stemninga under øvinga på Øisanden.

Ørskougske var ei avdeling der disiplinen var god, og kaptein Klüver hadde eit godt forhold til soldatane sine.

Ferda til oldefar i 1864.
Foto: Marco Vaglieri / NRK

Klüver var fødd i Fredericia i Danmark i 1809, og han hadde kanskje også eit personleg ynskje om å hjelpe landsmennene sine. Fredericia var ein av byane som vart okkuperte av dei utanlandske soldatane.

Ferda gjekk vidare med dampskip til Lærdal i Sogn og Fjordane. Frå Lærdal skulle dei marsjere, med full militær oppakning, over Filefjell, gjennom Valdres og Ringerike og vidare til Gardermoen.

Frikjøp frå teneste

Dei meinige og underoffiserane i den norske hæren på denne tida var i all hovudsak fattige bønder. Byborgarane var fritekne frå militærteneste, og det same gjaldt dei som budde i dei tre nordlegaste fylka, Nordland, Troms og Finnmark.

Dei som hadde meir pengar enn andre kunne kjøpe seg fri frå militærtenesta ved å betale ein endå fattigare stakkar, gjerne ein husmann, for å avtene verneplikta for seg. Det var ikkje meir enn rett og rimeleg, meinte fleirtalet på Stortinget den gongen.

Offiserane kom frå dei høgare sosiale laga i samfunnet, og dei hadde ein status på lik line med embetsmenn, prestar og lensmenn.

Først i 1876 fekk vi det ein kan kalle ei alminneleg verneplikt.

Medan øvinga på Øisanden gjekk mot slutten, vart situasjonen i Danmark meir og meir fortvila. Den danske hæren vart bokstaveleg tala driven frå skanse til skanse. Det gjekk mot ein katastrofe om dei ikkje fekk hjelp.

Sviket mot Danmark

Det var ikkje noko som tyda på at det var noko hastverk med å sende norske soldatar, og spesielt den norske åndseliten raste mot det dei meinte var sviket mot det danske brorfolket. Rundt 150 norske frivillige reiste for å hjelpe Danmark, og mange av dei gjorde ein stor innsats.

Ein av dei var den norske militærlegen Daniel Schiøtz. Han døydde av utmatting medan han arbeidde for å berge såra danske soldatar, og både Bjørnstjerne Bjørnsson og Jonas Lie skreiv dikt til minne om han. Her er litt frå diktet Bjørnson skreiv:

Han på ingen stormagt vented
uden den, som er hos Gud.
Dengang han sig døden hented,
skikked han ej forud bud
ned til England og til Franken,
om han og fik lov at dø
mellem brødrene på banken
ved den dybe, danske sjø.
Første dåd af ungdom ildet,
første stærke, klare tro,
første mand, som svor ved gildet, –
første over dødens bro.

Det vart skrive mange dikt om den manglande norske hjelpa til Danmark. Bjørnson og Ibsen stod fremst på barrikadane med krav om at vi måtte hjelpe brorfolket. Det vart mange dikt og flammande talar av det, utan at det hjelpte danskane.

Kong Christian 9. av Danmark

Kong Christian IX av Danmark var redd for å ikkje vere nasjonalistisk nok for dei danske nasjonalistane.

Foto: Henrik Olrik / To hundrede Træsnit. Tegninger fra Krigen i Danmark 1864

Christian IX, fersk dansk konge innsett i 1863, innleidde regjeringstida si med å undeteikne den såkalla November-forfatninga, som var den direkte årsaka til at Preussen og Austerrike gjekk til krig. Den førre kongen, Fredrik VII, døydde barnlaus, og dette opna for ei ny slektsgrein, Glücksburgerane, som er stammen i både det norske og det danske kongehuset.

Christian IX var konge i Danmark frå 1863 til 1906.

Novemberforfatninga var kort sagt ei forordning som skulle knyte hertugdømmet Slesvig tettare til Danmark. Det blir sagt at kongen frykta den tyske reaksjonen, men at han også var redd for å ikkje å vere nasjonalistisk nok for dei danske nasjonalistane.

Skandinavismen

Kjende danskane seg trygge på at Storbritannia og dei skandinaviske tvillingrika Sverige og Noreg skulle kome til hjelp? Trudde dei at Skandinavismen, ideologien om eit sameint Skandinavia, stod sterkare i nabolanda enn han verkeleg gjorde?

Rasmus Glenthøj - dansk historikar.

Den danske historikaren Rasmus Glenthøj.

Foto: NRK

Den danske historikaren Rasmus Glenthøj skriv i boka «1864 – Sønner av de slagne» at 1864 er Danmarks «urtraume». Her skriv han at danske politikarar verkeleg hadde rekna med støtte frå 20.000 norske og svenske soldatar i krigen. Han seier at skandinavismen som ide hadde størst oppslutning i Danmark, men at støtta var betydeleg også i Sverige og Noreg.

Glenthøj trur at dersom Storbritannia hadde gått inn i krigen, og dermed også Sverige og Noreg, så kunne lett ein nordisk union ha blitt ein realitet.

Han fortel at skandinavismen hadde utspringet sitt i skandinaviske studentmøte, som vart arrangerte i i Stockholm, Uppsala, Kristiania og København i frå 1843 og utover. Han meiner at sjølv om det vart sunge og drukke mykje på desse samlingane, så var det langt meir enn ein romantisk selskapsklubb der mat og drikke var det viktigaste.

Skandinavismen var rett og slett draumen om at Danmark skulle slutte seg til unionen mellom Sverige og Noreg.

Glenthøj minner om at dei som var med på desse samlingane var framtidige politikarar og embetsmenn, som ville få stor innverknad på politikken i heimlanda sine. Han poengterer også at kongehusa var varme tilhengjarar av skandinavismen.

Symbolet på Skandinavismen.

Sjølve symbolet på Skandinavismen, draumen om eitt Skandinavia.

Dette er eit vers frå ein av dei mest populære songane på desse skandinaviske studentsamlingane:

«Lenge var Nordens herlige stamme

Spaltet i trende syngende skudd

Atter det skilte bøier sig sammen

En gang i tiden vorder det ett

Da skal det frie, mektige Norden

Føre til seier folkenes sak»

Bjørnson, Ibsen og Wergeland

I mai 1864 vart Det Skandinaviske Selskab danna i Kristiania. Det vart halde folkemøte i fleire norske byar for å samle støtte til å gå inn i krigen på dansk side. 3000 deltok på eit folkemøte i Oslo, som sende ein klar beskjed til kongen om at dei støtta kampen hans for «Nordens Grænse».

Henrik Wergeland

Henrik Wergeland var ikkje tilhengjar av Skandinavismen.

Foto: NRK, arkiv

Vi har nemnt Bjørnson og Ibsen, som engasjerte seg sterkt i skandinavismen, men det var også diktarar som ikkje var like begeistra. Henrik Wergeland var skeptisk, og i diktet Nordmandens Katechisme skreiv han dette:

«Hvor ligger det berømte land Scandinavien?

Jeg stirrer hvad jeg kan igjennem Luftens Blaanen,

thi ligger det etsteds, det ligger nok i Maanen!»

Bjørnstjerne Bjørnson deltok på det 4. skandinaviske studentmøtet i Uppsala i 1856, og ifølgje historikaren Ruth Hemstad var det på dette møtet han tok avgjerda om å bli diktar, og der vart han også tilhengjar av skandinavismen.

Danske historikarar har slått fast at Danmark hadde styrt mot ein krig, utan å vere godt nok førebudd. I boka «Danmark i krig» av Hans Christian Bjerg og Ole L. Frantzen heiter det:

«De mange tusinde døde danske soldater ble ofre for en romantisk, idealistisk politik, som etterfølgende generasjoner av danskere, der han levet i nederlagets skygge, vanskelig kan forstå. Hertil kom, at man var så uheldig som at have Bismarck, en av historiens største statsmænd, som motstander».

Bilete av norske frivillige i den dans-tyske krig i 1864.

Bilete av norske frivillige på dansk side i den dansk-tyske krig i 1864.

Foto: Forsvarsmuseet

Danmark – ei europeisk stormakt

Otto von Bismarck.

Otto von Bismarck.

Foto: - / Afp

Otto von Bismarck (1815-1898), greve av Bismarck-Schönhausen og hertug av Lauenburg, var kanskje den mest markante europeiske politiske leiaren i det 19. hundreåret. Han vart den første kanslaren i det sameinteTyskland.

Rasmus Glenthøj minner om at Danmark før dette hadde fleire store sigrar på slagmarka bak seg, og leiarane rekna landet som ei europeisk stormakt. Nasjonalismen stod sterkt, og mange såg på Tyskland som den store fienden.

Den norske historikaren Karl Jakob Skarstein skriv i si bok «Under fremmede flagg», (Nordmenn i utenlandsk krigsttjeneste), at Danmark langt på veg sjølv var skuld i at landet igjen vart invadert av Austerrike og Preussen.

Krigen var i alle fall ikkje til å unngå. 8.februar 1864 kryssa soldatar frå Austerrike og Preussen grensa, og helvete var laust for danskane. Og det vart snart klart at dette var ein krig Danmark ikkje på nokon hadde sjanse til å vinne på eiga hand.

På slagmarka gjekk det frå vondt til verre dag for dag for danskane. Dei tysk-austerrikske styrkane var totalt overlegne på alle frontavsnitta. Det var berre eit tidsspørsmål om når nederlaget var eit faktum.

I praksis viste det seg at Stortinget ikkje var interessert i å hjelpe danskane, i alle fall ikkje utan at Storbritannia greip inn.

I boka Norsk forsvarshistorie, bind 2, skriv historikaren Roald Berg at det ikkje berre var stortingspolitikarane som var skeptiske til å gå inn i krigen på dansk side, men også offiserane i den norske hæren. Det var ei utbreidd meining idet norske offiserskorpset at den svensk-norske hær berre eksisterte på papiret.

Han seier at Stortinget nærmast «forbød kongen å gå til krig». Vedtaket blir tolka som ein måte for Stortinget å vise kongen at han ikkje kunne gjere noko på eiga hand.

Peer Gynt i Dovregubbens hall av Theodor Kittelsen

Peer Gynt i Dovregubbens hall, slik teiknaren Theodor Kittelsen såg det.

Foto: WikiArt

Eit velretta spark

Det blir sagt at Henrik Ibsen forlèt Noreg på grunn av dette, og at den dansk-tyske krigen var hans farvel med nasjonalromantikken. Han reiste til Italia, der han blant anna skreiv «Peer Gynt». Skildringa av Dovregubben og snakket om å vere seg sjølv og seg sjølv nok, peika direkte mot regjering og storting.

Eit velretta spark, som det blir sagt.

Ibsen budde i Roma då han seinare skreiv diktet «Fra Dybbøl-Dagene», med seinare tittel «Troens Grund». Dette diktet handlar om ei mor som er så inderleg trygg for sonen sin, fordi han er norsk soldat:

Forklaringen lå snublende nær,

sønnen var krigsmand i den norske hær.

Skandinavismen stod sterkt i ein del miljø, blant embetsmenn, studentar og diktarar, men det var ikkje noko vanlege folk hadde noko forhold til. Heller ikkje på Stortinget hadde Skandinavismen fått fotfeste.

Eg kan aldri tenkje meg at oldefar og dei andre bondesoldatane hadde noko forhold til denne tankegangen. Vanlege folk hadde meir enn nok med å greie seg gjennom ein tøff kvardag. Det var langt frå det daglege strevet på eit tungdrive småbruk på Vestlandet til til romantiske skålviser på dei skandiaviske studentmøta.

Den lange marsjen

Ein dag rundt midten av juni er oldefar og medsoldatane hans framme i Lærdal, langt inne i Sognefjorden. Dei er klare for den lange marsjen. Eg veit ikkje kor mange som var med, berre at oldefar og tre andre frå Sykkylven var blant dei.

Vegen var lang. Landevegen i dag seier 281 kilometer, men vegen var langt meir snirklete den gongen, så det var i alle fall godt over 300 kilometer.

Dei fylgde den gamle kongevegen over fjellet, ein veg som var brukt av både sivile og militære i fleire hundre år. Det var den viktigaste ferdselsåra mellom Vestlandet og Austlandet.

Bru Kongevegen over Filefjell.

Oldefar og medsoldatane hans marsjerte truleg over denne brua, som vart ferdigstilt året før.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Eg veit ikkje kor lange dagsetappar soldatane hadde, men dei gjekk neppe lenger ein rundt 30 kilometer kvar dag, og kanskje er det meir realistisk å rekne rundt 20 kilometer dagen. Går vi ut frå at dei skulle leggje bak seg rundt 320 kilometer, kanskje meir, så kan vi trygt rekne med at dei brukte mellom to og tre veker på turen frå Lærdal til Gardermoen.

På same tid som bondesoldatane startar den lange marsjen frå Lærdal, opplever dei danske soldatane det eine store nederlaget etter det andre. Det ser rett ille ut på slagmarka, men danske leiarar har framleis håp om at særleg Storbritannia skal forstå kva fare ein tysk okkupasjon kan utgjere, slik at dei går inn på krigen på dansk side.

Ventestemning

På Gardermoen er det ventestemning blant soldatane som alt er på plass for om mogleg å bli sende i krigen. Mange er sikre på at det blir krigsteneste, andre trur det ikkje blir noko av det. Den kjende militærstrategen og seinare krigshistorikaren Didrik Schnitler gjer teneste i generalstaben på Gardermoen i denne perioden, med eit spesielt ansvar for desse soldatane.

Ifølgje fleire kjelder var det på denne tida var innrullert ein ståande styrke på mellom 3000 og 4000 soldatar, som venta på ordren om å gå i krigen. Det blir fortalt i ei historisk oversikt for Forsvarsbygg at Slaveriet, eit fengsel for livstids-dømde straffangar på Gardermoen, vart nedlagt og gjort om til forlegning, matsal og kjøkken for soldatane.

Oldefar og dei andre sunnmørssoldatane var på veg for å slutte seg til denne styrken.

Ein del av soldatane var samla der alt frå slutten av mars, like etter at Stortinget gjorde det litt tvetydige vedtaket sitt om å hjelpe Danmark.

Meir Ibsen og Peer Gynt

Henrik Ibsen

Henrik Ibsen var ein sterk tilhengjar av at Noreg skulle hjelpe Danmark i krigen.

Foto: , Scanpix

I Oslo-avisa Aftenbladet står det 14. juni ein notis om ein ung soldat i denne styrken som hogg av seg eine fingeren, i håp om å sleppe unna krigsteneste. Dette skal ha skjedd 3. juni i 1864. Han hadde kone og og små born heime på garden.

«Forrige Fredag indtraf paa Gardermoen den Begivenhed, at en 24 Aar gammel Soldat fra Hadeland, af Frygt for at komme i Krigen, besluttede at lemlæste sig for derved at unddrage sig Krigstjenesten. Han afskar da, efter sin egen Forklaring, af sin højre Haands Pegefinger det første Led og Halvparten af det andet; men Lægens Erklæring gaar ud paa, at han sandsynligvis ikke med den venstre Haand vilde have kunnet skjære Fingeren af, hvorimod han maaske har hugget den af med en Øxe, hvorom han dog ikke har villet gaa til Bekjendelse. Krigsretten dømte ham til 20 Dages Kachot «for Forsøg» paa at unddrage sig fra Krigstjenesten, idet han forøvrigt blev kjendt at være fremdeles tjenstdyktig».

Henrik Ibsen fylgde nok godt med på det som stod i avisene om soldatane som venta på Gardermoen.

Det er lett å trekkje parallellar frå denne sanne historia og til nasjonal-eposet Peer Gynt. Her skildrar Ibsen nettopp ein ung mann som skadar seg på denne måten for å ikkje å bli sendt i krigen. Det er då Peer Gynt kjem med dei kjende orda:

«Ja tenke det; ønske det, ville det med; – men gjøre det! Nej; det skjønner jeg ikke».

I diktet «Kirkevejene» er han også inne på same tematikken.

Bjørnejeger og fjellklatrar

Eg kjenner ikkje til noko om psyken til oldefaren min eller medsoldatane hans. Eg veit at han var ein uvanleg sprek mann. Han var blant anna bjørnejeger og og ein dugande fjellklatrar. No var ikkje fjellklatring noko han dreiv med for moro skuld, slik folk gjer i dag, det var utenkjeleg den gongen.

Han avtente verneplikta si som hjelpar for ein offiser frå Oslo, som dreiv geografisk oppmåling på Sunnmøre. Dei to karane skal etter som ordet går ha vore oppom dei fleste fjelltoppane i det som i dag blir kalla Sunnmørsalpane.

Det var dessutan viktig for ein bonde på desse kantane å kunne ta seg fram i bratt terreng. Det hende seg at husdyr gjekk seg fast i fjellet, og det å miste dyr kunne få katastrofale konsekvensar for familieøkonomien.

Tankane om natta

Eg prøvde å setje meg inn i situasjonen til bondesoldatane på turen min langs den gamle kongevegen. For meg var det ein flott tur på ein nyrestaurert gammal veg. Eg tenkte på oldefar og dei andre soldatane som sleit seg fram dag etter dag, med tung oppakning, og som ikkje visste kva som venta når dei ein gong kom fram.

Eg visste at eg hadde ein bil i bakhand og at eg skulle på jobben igjen. Eg visste kva som venta meg. Det gjorde ikkje soldatane i 1864

Tenkte dei mykje på døden? Eller snakka mannfolk saman om slike kjensler på den tida?

Dei var kanskje tøffe når dei snakka saman under marsjen, men kva tankar hadde dei når dei gjekk til ro for natta? Kom angsten krypande? Var dei redde for aldri å kome tilbake til heimstaden?

Eg veit ikkje om oldefar hadde møtt oldemor på dette tidspunktet, dei gifte seg i alle fall ikkje før i 1869. Men det er grunn til å rekne med at mange av medsoldatane var gifte eller trulova, og nokre hadde sikkert born.

«At utøve sit hverv som krigsmand»

Dette finn eg i boka «Regler for soldaten i felt» frå 1910. Instruksen i 1864 var nok ikkje så ulik:

«I sin høyeste form er fordringen den, at han uten tanke paa sig selv skal utøve sit hverv som krigsmand, selv om døden derigjennem synes ham sikker».

Eller som det heiter i ei gammal skillingsvise:

Krig og kiv har været ifra begyndelsen

Og det varer så lenge verden står,

En usling maa det være, som er bange for sit liv

Naar krigstrommerne begynder at slaa

Kåre Hovland og Kongevegen.

Kåre Hovland har vore ein av nestorane i arbeidet med å restaurere Kongevegen frå Lærdal og over Filefjell. Bak han ser vi dei nyrestaurerte Vindhella-svingane.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Vakre fossar og stupbratte gjel

Dei visste nok kva som kunne vente om dei vart sende i krigen. Men visste soldatane på veg over fjellet frå vest til aust noko om det politiske spelet som gjekk føre seg i Stortinget?

Neppe. Det var nok like fjernt for dei som København, Stockholm og det kongelege slott.

For dei var det berre å marsjere vidare og håpe det beste.

Eg går og beundrar den flotte naturen langs Kongevegen, vakre fossar og stupbratte gjel. Eg legg turen innom Borgund stavkyrkje, ei av dei eldste kyrkjene vi har her i landet. Ikkje vanskeleg å kjenne eit historisk sus her.

Var det noko dei utkommanderte soldatane brydde seg med? Kva visste dei om norsk historie? Historiske bygg og vakker natur. Var det plass i hovuda deira til slike ting?

Eg har med meg Kåre Hovland på turen langs Kongevegen. Han har leidd arbeidet med restaureringa av vegstrekninga på vegner av Lærdal kommune. Han er ei levande historiebok om denne viktige ferdselsåra.

Han fortel at Kongevegen frå Lærdal og over Filefjell var den viktigaste ferdselsåra mellom aust og vest også for militære mannskap. Han tek meg med opp dei bratte Vindhella-svingane, eit eineståande stykke ingeniørkunst. Ikkje vanskeleg å tenkje seg at det var tungt å gå opp her med full oppakning.

I dag er den gamle kongevegen frå Lærdal og over Filefjell ein turistattraksjon og ei flott rute for fotturistar.

Maristova og St. Thomas-kyrkja

Tilbake til oldefar og medsoldatane hans og deira vandring over Filefjell. Forsommaren er ikkje den verste tida å gå langs den gamle kongevegen, sjølv om det enno kan liggje snø her og der.

Det var ein del tøffe parti dei måtte forsere, slik som Galdane og Vindhella før dei kom til Borgund stavkyrkje. Så går det kraftig oppover forbi Borlaug og Maristova (Maristuen), der dei ganske sikkert hadde ei overnatting.

Her skal dei ha teke mot reisande over fjellet heilt frå 1300-talet.

Soldatane overnatta truleg på skysstasjonar på vegen, det var fleire av dei, eller på gardar langs ruta. Skal vi tru Petter Elias T. Muri, som var eit par år yngre enn oldefar og som deltok på øvinga i Øisanden, måtte dei leve på nistemat teken med heimanfrå så lenge som fem, seks og sju veker.

Om dette gjaldt for soldatane på veg over Filjefjell, så var det tøffe tak. Men det er all grunn til å tru at dei fekk kjøpe mat på gardane og skysstasjonane dei overnatta på. Om dei hadde pengar å betale med er eit anna spørsmål.

Den nye St. Thomas-kyrkja på Filefjell.

Den nye St. Thomas-kyrkja på Filefjell var ikkje ferdig før i 1971, 163 år etter at gamlekyrkja vart riven fordi det var mykje lauslivnad der.

Foto: Bent Tandstad / NRk

Kanskje overnatta dei på Kyrkjestølen midt oppe på fjellet, der den gamle St. Thomas-stavkyrkja stod fram til 1809. Denne kyrkja vart bygd like etter kristninga av Noreg, og gudshuset fekk tidleg ord på seg for å ha lækjande kraft for sjuke. Dette førde til at mange menneske frå både Valdres, Sogn og Hallingdal søkte seg dit.

Det var særleg mykje folk der rundt Syftesok 2.-3 juli. Etter kvart fekk samlinga ved St. Thomas-kyrkja eit stadig meir verdsleg preg. Etter som åra gjekk tok handel, dans, drykk og generell sedløyse meir og meir over for det åndelege.

Dette verset, med ukjent opphav, fortel litt om kva som skjedde på Filefjell tidleg i juli:

«Her vart mange ein god hest sprengd, mang ein sprek kar dengd og mang ei ven møy krenkt».

Upopulær prest

Dette gjekk hardt inn på danskepresten Wilhelm Fredrik Müller, og for å få slutt på lauslivnaden såg han ikkje anna råd enn å gi ordre om riving St. Thomas-kyrkja. Til stor harme frå innbyggjarane i bydene rundt Filjefjell vart kyrkja riven i 1808.

Det vart eit folkekrav om at kyrkja måtte byggast opp att, men det var vanskeleg å skaffe nok pengar. Først i 1971 stod den nye kyrkja ferdig, og framleis blir Syftesok markert der. Men i langt rolegare former enn på 1700-talet.

Ferda for oldefar og dei andre bondesoldatane gjekk så vidare ned mot Valdres. Snart såg dei Vangsmjøsa i det fjerne, den vakre Øye stavkyrkje, og marsjen gjekk vidare gjennom dei grøderike bygdene i Vang og Vestre Slidre. Vegen er lang, men utan dei store stigningane. Etter eit par dagsmarsjar frå Filefjell nådde dei knutepunktet Fagernes ved den vakre Strandefjorden.

I mellomtida ser situasjonen stadig mørkare ut for Danmark. Den tysk-austerrikske angrepshæren valsar fram, og danskane er sjanselause. Men den danske kongen og regjeringa hans klamrar seg til håpet om utanlandsk hjelp.

Slaget ved Dybbøl.

Slaget ved Dybbøl var eit audmjukande nederlag for Danmark og eit blodbad utan sidestykke.

Blodbadet ved Dybbøl

I slaget ved Dybbøl frå 7,-18. april vart 4810 danske soldatar drepne, det vil seie nesten halvparten av dei som deltok på dansk side. Angrepshæren miste 1201 soldatar, som var litt over tre prosent av styrken. Det var eit sant blodbad.

I slaget ved Als vart 3092 danske soldatar, drepne, såra eller tekne til fange. Mange vart tekne til fange fordi det var stor mangel på offiserar og andre som kunne leie soldatane.

Dette visste dei knapt noko om dei sunnmørske bondesoldatane på veg ned frå Filefjell, gjennom Valdres og ned gjennom dei austlandske flatbygdene mot Gardermoen.

Samstundes heldt det politiske spelet rundt den norske innsatsen fram på Stortinget. I boka Norsk utenrikspolitikks historie frå 1995 av Bjørgo, Rian og Kaartvedt står det at norske og svenske soldatar og marinestyrkar vart halde i kampberedskap heilt til Danmark kapitulerte 12. juli.

Heilt fram til denne datoen var det uklart om Storbritannia ville gripe aktivt inn til støtte for Danmark, og håpet om britisk intervensjon var det siste halmstrået danskane hadde. Då visste dei også at Sverige og Noreg ville sende soldatar.

Endeleg framme

Nokre dagar før 12, juli skreiv den britiske avisa The Times of London at Storbritannia alt hadde avgjort at dei ikkje ville gi inn i krigen, og då forstod danske politikarar at dei vart ståande åleine. Det var ingen veg utanom kapitulasjon.

Eg veit ikkje akkurat datoen når dei sunnmørske bondesoldatane kom fram til Gardermoen, men det var kort tid etter at danskane hadde lagt ned våpna. Eg undrar meg på kva som røyvde seg i hovuda til oldefar og medsoldatane då dei såg brakkene på Gardermoen i det fjerne.

Det er klart dei gledde seg til å kome fram, til å skikkeleg mat, til å få kvile seg litt. Men det må ha vore blanda kjensler. Dei var nær det første målet, men det betydde også at dei var nærare krigen.

Vel framme gjekk det ikkje lenge før dei fekk beskjeden. Danmark hadde kapitulert. Det blir ikkje krigsteneste på dei. Det er berre å gå heim same vegen som dei kom, laud ordren.

Dei fekk sikkert tid til å kvile seg litt før dei starta på heimferda. Skikkeleg mat fekk dei nok også. Eg fann ein artikkel i ei av Oslo-avisene, der matstellet på Gardermoen fekk mykje ros.

Og medan Danmark slikka såra sine etter det store nederlaget, og stode delar av Jylland var tapt til tyskarane, starta oldefar og dei andre soldatane på heimferda. Kanskje fekk dei til og med nye marsjstøvlar før den over 300 kilometer lange ferda frå Gardermoen, gjennom dei bølgjande kornåkrane på Ringerike, vidare gjennom Valdres, over Filefjell og ned til Lærdal.

Derfrå var det båtskyss til Ålesund, og så skulle dei vel klare å kome seg vidare til heimbygdene sine. Og då ville det alt vere seinsommar eller tidleg haust.

Norske soldatar i 1864.

Då soldatane kom til Gardermoen var krigen over, og det var berre å gå same vegen tilbake.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Fare fare krigsmand

Det var neppe hornmusikk og jubelrop på brygga då dei sunnmørske bondesoldatane kom tilbake til heimtraktene sine på seinsommaren eller tidleg haust i 1864. Det som skulle vere krigsteneste vart ein einaste lang marsj. Dei var tilbake frå krigen det aldri vart noko av, og slikt blir det ikkje medaljar og heltehistorier av.

Fare, fare krigsmand, døden skal du lide, heiter det i ei gammal regle.

Dei kom seg unna både krigen og døden dei brave soldatane, men det vart ein lang marsj før dei kom heim for å halde fram med liva sine. For oldefaren min sin del gifte han seg fem år seinare, og han vart far til 11 born.

Sikkert ein tøff marsj det også.

Draumen om eit sameint Norden, Sverige, Noreg og Danmark som eitt land, døydde også etter det danske nederlaget. Her i landet vart dette starten på kravet om sjølvstende frå Sverige. Draumen om eit samla Norden vart erstatta av håpet om eit heilt sjølvstendig Noreg.

Og 41 år seinare, i 1905, vart det ein realitet.