Hopp til innhold

E24: Wizz Air avviklar flysatsinga innanlands i Noreg

Det ungarske flyselskapet avviklar flytrafikken innanlands i Noreg frå 14. juni, men beheld tilbodet om flyreiser utanlands.

Wizz Air

AVVIKLAR I NOREG: Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe billettar til Wizz Air sine innanriksruter i Noreg etter 13. juni.

Foto: Robert Hansen / NRK

Det skriv kommunikasjonsdirektør Andras Rado i ein e-post til E24 laurdag morgon.

– Avgjerda baserer seg på finansielle og kommersielle vurderingar. Selskapet flytter kapasitet til andre marknader, skriv Rado.

Han skriv vidare at dei siste sju månadene har vist at det ikkje er finansielt berekraftig å flytte kapasitet til Noreg på kommersiell basis, «når andre flyselskap får hjelp og derfor ikkje opererer på marknadsvilkår».

I natt blei det klart at det ikkje lenger er mogleg å bestille billettar til norske innanriksflygingar etter 13. juni hos lågprisselskapet, skriv Dagens Næringsliv.

Heller ikkje på fleire av utanriksflya det mogleg å bestille billettar på nett. Det skal mellom anna gjelde Alicante, Chania, Gran Canaria og Split.

Pilotar ikkje overraska

I februar la Wizz Air ned basen sin i Trondheim etter berre tre månaders drift. Då det vert kjend at salet av innanriksbillettar vart stansa, sa Noregs Flygarforbund at det ikkje ville vere overraskande om basen på Gardermoen òg blir lagt ned.

– Dette er vanskeleg å kommentere, basert på at det ikkje er stadfesta av selskapet. Eg er likevel ikkje overraska dersom dette er tilfelle då eg vil tru at Wizz Airs businesscase var basert på at Norwegian ikkje klarte seg. Med eit rekonstruert og refinansiert Norwegian, og dessutan Flyr, SAS og Widerøe, går nok ikkje tala opp, seier Yngve Carlsen, leiar i flygarforbundet, til avisa.

Rado seier til E 24 at selskapet behaldar den norske basen, og vil fortsette å fly passasjerar inn og ut av Noreg. Det er berre ei veke sidan Wizz Air melde at dei har som ambisjon å tredoble trafikken på det norske innanlandsnettet.

Etter det NTB kjenner til har Luftfartstilsynet varsla Wizz Air om at tilsynet ønskjer å gjennomføre ein inspeksjon av basen til selskapet på Gardermoen 16. juni.

Wizz Airs etablering i Noreg i fjor haust har vore omstridd, ikkje minst på grunn av lågprisselskapet si haldning til fagorganiserte.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger