Wizz Air-direktøren avviser at dei nektar tilsette å organisere seg

Blant andre statsminister Erna Solberg har sagt at ho vil boikotte lågprisselskapet Wizz Air fordi dei tilsette ikkje får fagorganisere seg. Dette avviser konsernsjefen i selskapet.

Direktesendt debattprogram med programleder Fredrik Solvang.

Norwegian er tema for kveldens Debatten i NRK.

I slutten av oktober annonserte det ungarske flyselskapet Wizz Air at dei ville trappe opp satsinga i Noreg ved å opne base i Trondheim og opne sju nye innanriksruter.

Men fleire fagforeiningar er skeptiske til lågprisselskapet fordi ingen av dei tilsette er fagorganisert. Både norske organisasjonar, bedrifter og politikarar har sagt at dei ikkje vil reise med Wizz Air.

Konsernsjef Jozsef Váradi vedgår i eit intervju med NRK at ingen av dei tilsette i selskapet er organisert i dag.

– Det er eit val våre tilsette gjer sjølve. Ikkje noko fagforeiningar eller vi som selskap legg oss opp i, seier han.

Følger lokale lover

Statsminister Erna Solberg (H) sa ho ikkje ville reise med selskapet då ho fekk spørsmål om det på Stortinget i oktober. Ho sa at Wizz Air ikkje kunne nekte tilsette å organisere seg.

Váradi meiner Solberg burde ha sett seg betre inn i saka, og trur ho kanskje vil endre synspunkt på sikt.

– Dersom du ser på fakta, er berre halvparten av arbeidstakarane i Noreg fagorganisert. I privat sektor er det 70 prosent som ikkje er organisert. Eg håper vi kan bli målt etter dei same standardane. Eg håper også at statsministeren ser verdiskapinga vi tek med oss inn i landet. Då trur eg ho vil endre meining, seier han.

Samtidig lovar han at dei tilsette i Noreg skal få organisere seg, dersom dei ønsker det.

– Vi respekterer dei lokale lovene, og det vil vi gjere også i Noreg. Dersom våre tilsette i Noreg vel å organisere seg, skal eg ikkje nekte dei.

Prøver ikkje å presse ut Norwegian

Satsinga til Wizz Air i Noreg kjem medan vi står midt oppe i ein pandemi. Endra reisemønster som følge av restriksjonar og fare for smittespreiing, gjer at mange flyselskap blør.

Blant dei er Norwegian som tapte nesten ein milliard kroner i sommar. Dei fekk ikkje ønsket om økonomisk støtte frå regjeringa innfridd. Regjeringa ville heller ha generelle tiltak for luftfarten.

Norwegian-direktør Jacob Schram sa det ville bli krevjande for selskapet å komme seg gjennom krisa. Samtidig meiner han regjeringa med dette opnar døra og legg ut raud løpar for selskap som Wizz Air.

Norwegian-sjef Jacob Schram

Norwegian-sjef Jacob Schram fryktar for framtida til selskapet etter at dei ikkje fekk innfridd ønsket om økonomisk støtte frå regjeringa for å kome seg gjennom koronakrisa.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Jozsef Váradi utelukkar ikkje at flyselskap kan gå over ende som følge av pandemien, men han meiner problema til Norwegian ikkje først og fremst er covid-19.

– Norwegian hadde problem også før koronapandemien. Men situasjonen har blitt dramatisk forverra som følge av pandemien, seier han.

Han avviser at satsinga i Noreg er eit forsøk på å presse Norwegian ut av marknaden.

– Vi kjem ikkje til Noreg for å overta for nokon eller presse nokon ut. Vi trappar opp fordi vi ønsker å vere eit alternativ i den norske flymarknaden.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger