Hopp til innhold

– William sa eg hadde varme hender

Møtet med William og Kate var minnerikt, seier «Skam»-skodespelarane Iman Meskini og Ina Svenningdal. Dei rosar hertugparet for engasjementet dei viser for psykisk helse.

Iman Meskini og Ina Svenningdal forteller om det spesielle møtet med William og Kate.

Prins William gjekk først forbi «Skam»-skodespelarane då dei skulle helse på hertugparet. Men etterpå fekk Ina Svenningdal høyre at ho hadde varme hender.

Fredag formiddag besøkte prins William og hertuginne Kate Hartvig Nissen videregående skole i Oslo. Der møtte dei skodespelarar frå NRK-serien «Skam» og elevar ved skulen for å blant anna snakke om psykisk helse blant unge.

Skodespelarane Iman Meskini, som spelte Sana i serien, og Ina Svenningdal, som spelte Chris, rosa etter møtet hertugparet for å setje søkelyset på eit viktig tema.

– Det er viktig at dei kongelege set fokus på psykisk helse. Når dei snakkar om slike viktige tema, treg eg det gjer at andre blir ekstra merksame på tematikken. Det er kjempefint at det blir teke opp, seier Svenningdal.

William og Kate på Skam-skolen

Både prins William, hertuginne Kate og det norske kronprinsparet snakka med norske ungdommar om psykisk helse.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Meskini seier engasjementet til prinsen verkar ekte:

– Prins William har vore ærleg om eigne problem etter at han mista mora si. Du kan merke at det var veldig genuint, det var ikkje berre for å late som – dei bryr seg verkeleg om desse tema.

Varme hender

Møtet med dei kongelege var minnerikt. Men då dei skulle helse på prins William, gjekk dei forbi, seier Svenningdal.

– Dei gjekk litt langt unna, så vi fekk ikkje helsa på dei. Men så stilte prins William seg ved sidan av meg. Så strekker han fram handa, og eg gjer det same. Då seier han: «Oh, your hands ar the warmest». Og eg berre: «Oh, you're very cold. It's so cold here». Men det skal eg hugse – eg har varme hender, det har eg fått beskjed om.

Og på spørsmål om kva ho vil hugse best frå møtet, blir det vanskeleg for Iman Meskini.

– Berre ein ting? Nei, eg skal heim og fortelje alt, eg.

På Twitter har hertugparet lagt ut eit bilete frå møtet med skodespelarane på skulen.

Laster Twitter-innhold

Møtte elevar

På veg inn til skulen, tok hertugparet seg god tid til å helse på mange av dei som hadde møtt opp i skulegarden. Det var vanleg skuledag på Hartvig Nissen, men elevane fekk likevel ta turen ut for å ta imot hertugparet fredag formiddag.

– Då eg sa at det var greitt at dei avbraut mattetimen vår, sa prins Wililam at han ikkje hadde vore så god i matte sjølv, fortalde Raha Rivandi etter møtet.

Prins William og hertuginne Kate tok seg god tid til å snakke med fleire av elevane på veg inn på Hartvig Nissen videregående skole i Oslo.

Prins William var også uroa for helsa til elevane i det kalde vêret, sa Amanda Sandberg Fætten.

– Han spurte kvar hanskane våre var, sidan det var så kaldt. Men han sa også at det kanskje var typisk Noreg å tole kulda så godt.

Etter møtet måtte dei tilbake til mattetimen.

Derfor kommer prins William og Kate til Norge.

Er du nær prins William og Kate? Send oss bilete på 03030, tipsportalen vår eller på sosiale medium gjennom emneknaggen #nrknyheter.

AKTUELT NÅ