Dronning Sonja gav klar beskjed under fotograferinga: – Smile, be happy!

Prins William og hertuginne Kate vinka til dei frammøtte då dei kom til Slottet, der dei blei tekne imot av den norske kongefamilien. Det er starten på eit to dagar langt besøk i Noreg for hertugparet.

– Smile, be happy, sa dronning Sonja da de skulle ta offisielle bilder i Fugleværelset.

Om lag eit kvarter etter skjema landa det britiske hertugparet på Gardermoen militære flyplass. Der blei dei møtt av blant andre kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit.

Hertugparet ble møtt av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit på Gardermoen militære flyplass.

Prins William og hertuginne Kate blei tekne i mot av det norske kronprinsparet på Gardermoen militære flyplass torsdag formiddag.

På den raude løparen sto også blant andre Sarah Gillett, Storbritannia sin ambassadør til Noreg og Mona Juel, som er den norske ambassadøren til Storbritannia. Etter mottakinga køyrer dei til Slottet for fotografering der.

Hertugparet har også markert på Twitter at dei er komne til Noreg.

Laster Twitter-innhold

Drøymde om William

Framfor Slottet har folk byrja å samle seg for å helse dei kongelege velkomne.

Ein av dei var Marte Fløan Beisvåg som er veldig interessert i kongefamilien, og då nyheita om at Kate og William skulle kome til Noreg, tenkte ho at dette var den store sjansen til å få sjå dei.

– Eg drøymde om eit forhold med William då eg var liten. Eg sat på jenterommet og tenkte på korleis eg kunne kome meg inn i den kongelege arverekkja. Eg var 12–13 år, og tenkte at dersom William kom på statsbesøk til Namsos, så kanskje eg fekk bli med – så kanskje det blir oss to. Eg skuldar vesle Marte frå den gongen å kome hit i dag.

Marte Fløan Beisvåg satt på pikerommet i Namsos og drømte om storfint besøk: – Jeg var 12-13 år og tenkte at hvis William kommer på statsbesøk til Namsos, så kanskje jeg får bli med - så kanskje det blir oss to. Så jeg skylder lille Marte fra den gangen å komme hit i dag.

Dronning Sonja: – Smile, be happy!

Like etter klokka 13 i dag, kom hertugparet Slottet. Dei vinka til dei mange frammøtte på plassen.

Inne på Slottet blir det offisielle biletet teke i Fugleværelset. Fotografane tok bilete av prins Wiliam og hertuginne Kate, saman med kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Märtha Louise og prinsesse Astrid.

Då fotografane skulle ta biletet, oppmoda dronning Sonja alle om å smile pent:

– Smile! Be happy!

Kong Harald er vert

Turen blir kalla ein sjarmoffensiv frå Storbritannia i samband med at landet no forhandlar om å forlate EU, etter at eit fleirtal stemte for dette i ei folkeavstemming 2016. Hertugparet har allereie vore i fleire land, og kjem frå Sverige, der dei også har vore i to dagar.

Derfor kommer prins William og Kate til Norge.

Det er det britiske utanriksdepartementet som har bede om at paret skal få kome. Og det er kong Harald som er vertskap medan dei er her i landet.

Torsdag skal prins Wiliam og hertuginne Kate få ei omvising i Ingrid Alexandra skulpturpark av prinsessa sjølv. Deretter skal dei besøke gründer-fellesskapet Mesh. Før det blir slottsmiddag i kveld.

«Skam»-besøk fredag

Fredag startar dagen på Hartvig Nissen skole i Oslo. Dette er skulen der handlinga i NRK-serien «Skam» er lagt til. Her skal hertugparet møte både skodespelarar og elevar ved skulen for å snakke om mental helse blant unge. Dette er eit tema hertugen og hertuginna er opptekne av.

Etter ein lunsj på Skaugum, går turen fredag vidare til Holmenkollen der William og Kate skal få oppleve skihopp og norsk vinterskileik i Oslomarka.

Er du nær prins William og Kate? Send oss bilete på 03030, tipsportalen vår eller på sosiale medium gjennom emneknaggen #nrknyheter.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger