NRK Meny
Normal

Widerøe-streiken er over

Streiken i Widerøe er over etter at kabinforeininga og selskapet laurdag blei samde om ein ny pensjonsavtale med forhandlingsrett. Flyselskapet er i vanleg drift att tidlegast i morgon kveld.

Widerøe

Etter fire dagar med kabintilsette i streik er Widerøe i gang med drifta att i morgon kveld.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Widerøe kabinforeining har vunne fram og får påverknad på pensjonsrettar. Streiken i selskapet er dermed over, skriv arbeidstakarorganisasjonen Parat i ei pressemelding i dag.

Dei kabintilsette fekk kravet innfridd

Leiinga valde å imøtekome dei kabintilsette sine krav om garantiar for eiga pensjonsordning. 312 kabintilsette blei tekne ut i streik onsdag denne veka.

Leiar i Widerøe kabinforeining, Kari Onarheim, seier ho er letta og glad for at dei nådde fram med sitt krav etter fire dagar med streik.

– Fornufta sigra og vi har oppnådd rettferd ved at vår yrkesgruppe no også skal få påverknad på vår eigen pensjon. Vi føler endeleg at vi blir tekne på alvor, seier Onarheim.

Lars-Petter Larsen og Kari Onarheim

Forhandlingsleiar i Parat, Lars-Petter Larsen, og leiar i Widerøe kabinforeining, Kari Onarheim, nådde fram på vegner av dei kabintilsette.

Foto: Parat

– Fornufta sigra til slutt

Forhandlingsleiar i Parat, Lars-Petter Larsen, seier Widerøe-leiiinga laurdag kom dei i møte og at dei no endeleg har fått ein avtale som tryggar framtida for dei kabintilsette. '

– Eg er glad for at vi kan leggje konflikten bak oss og at passasjerane igjen kan kome seg dit dei skal. Vi ser på løysinga som ein full siger for fornufta, seier Larsen.

Partane er samde om at den kollektive pensjonsavtalen skal gjerast om til ein innskotsbasert pensjonsavtale frå 1. januar 2017.

– Vi har fått ein garanti for at den innskotsbaserte pensjonsavtalen skal vere på dagens nivå. Blir det spørsmål om endringar har vi full forhandlingsrett. Etter 1. januar 2017 har vi vetorett som sikrar at alle tilsettgrupper blir behandla likt, seier Larsen.

Flya går igjen i morgon

Konflikten mellom Widerøe og dei kabintilsette har handla om forhandlingsrett om den kollektive pensjonen i Widerøe. Løysinga blei ein lokal avtale som sikrar dei kabintilsette forhandflingsrett på dei delane av pensjonsordninga som ikkje er kollektiv og som ikkje gjeld for alle tilsette i Widerøe.

Administrerande direktør i Widerøe, Lars Kobberstad, seier til NRK at den vanlege drifta i selskapet er oppe att tidlegast i morgon kveld. Drifta vil auke gradvis utover dagen i morgon.

Flya står på base, og mannskapet er spreidd. Dei må kallast ut att. Selskapet vil oppdatere nettsidene sine med informasjon kontinuerleg.

– Eg er glad for at vi har fått på plass ei løysing og at vi kan kome i gang igjen, seier Kobberstad.

Beklagar overfor passasjerane

Lars Kobberstad, ny direktør i Widerøe

Administrerande direktør i Widerøe, Lars Kobberstad, er nøgd med resultatet av forhandlingane.

Foto: Widerøe

Han peikar på at denne streiken har gjort kvardagen vanskeleg for mange menneske.

– Eg skulle ønskje at vi hadde greidd å kome til semje i mekling, og unngått streiken. Diverre gjekk ikkje det, og overfor alle som har blitt ramma av streiken vil eg orsake, seier Kobberstad.

Widerøe har vore nøydde til å kansellere over 1100 flygingar, og meir enn 25.000 reisande vart ramma av konflikten.

Særleg distrikta og dei nordlegaste fylka er avhengige av Widerøe. Mange passasjerar er pasientar som blir frakta til og frå sjukehus. I Nord-Noreg har fleire flyplassar vore stengde sidan mars på grunn av ein flyplasstreik med rot i ein konflikt mellom NHO og Luftfunksjonærenes forening.

Flyplassane i Honningsvåg, Mehamn, Vardø, Vadsø, Svolvær og Brønnøysund er framleis stengde og ikkje påverka av at dei kabintilsette i Widerøe har avslutta streiken.

Intense forhandlingar døgnet rundt

Kobberstad fortel at forhandlingane har vore intense under streiken blant dei kabintilsette.

– Vi har halde på meir eller mindre kontinuerleg sidan brotet natt til onsdag og fram til no. Men det viktige no er at det i løpet av morgondagen kjem stadig fleire fly ut på rute, slik at folk kan kome seg heim etter helga, seier han.

Leiinga nøgd med resultatet

Han seier vidare at det ikkje er vanleg i norsk arbeidsliv at folk har medbestemmingsrett på pensjonsavtalen sin, slik dei kabintilsette i Widerøe no har fått.

Kobberstad meiner det vart eit godt forhandlingsresultat.

– Resultatet var godt i den forstand at det har kome fram igjennom forhandlingar. Begge partane har mått strekkje seg langt for å finne ei løysing. Sjølvsagt har begge sider behov for å seie at dette har gått bra, elles hadde vel ingen av oss signert avtalen. Men det er også eit godt resultat fordi vi no kan gi passasjerane våre eit godt flytilbod att, seier Kobberstad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger