Stolen var ikkje tom – forsvarar leiarlønningane i Vy

Det vekte oppsikt då Vy-styreleiar Dag Mejdell ikkje ville stille opp hos Fredrik Solvang i Debatten på NRK1. I kveld svarte han på spørsmål om toppsjeflønningar i Dagsnytt 18.

Vy-styreleiar Dag Mejdell svarte i Dagsnytt 18

Dag Mejdell forsvarar leiarlønningane i Vy.

Det var då Geir Isaksen sist månad varsla at han ville gå av som konsernsjef i Vy, det kom fram at han skulle halde fram i selskapet som konsulent. Han skulle få 80 prosent av toppsjefslønna , altså rundt 3,2 millionar kroner.

Dette utløyste ein debatt om leiarlønningar i statlege selskap, og mange meinte det var urimeleg at ein konsulent skulle vere sikra ei så høg lønn. Då denne saka var oppe i Debatten på NRK1 for ei tid tilbake ville ikkje Dag Mejdell vere med i debatten. Det var då programleiar Fredrik Solvang stilte spørsmåla til ein tom stol.

I kveld var Dag Mejdell gjest i Dagsnytt 18.

– Heilt naudsynt

Han var i debatten i kveld klar på at det var naudsynt å gi konsernsjef Geir Isaksen ein så god lønnsavtale då han starta i jobben i 2011, dette for å få rette person til jobben. Han forsvarte også avtalen om å behalde 80 prosent av lønna når han ville gå av som konsernsjef.

– Lønn blir fastsett ut frå fleire kriterium. Vi ynskjer å ha den beste leiaren til jobben, og det har vi hatt i Geir Isaksen dei åtte åra han har vore toppleiar. Han har gjort ein stor jobb for selskapet, ved blant anna å vore med på ei naudsynt modernisering og omstilling. Bruken av tog har auka betydeleg, og det har vorte fleire kundar, sa Dag Mejdell blant anna.

Geir Isaksen kom frå lakseoppdrettsselskapet Cermaq då han vart konsernsjef i Vy i 2011. Lønna var 3,9 millionar kroner i året, pluss ein mogleg bonus på fem månadslønner. For å utløyse bonusen må toppsjefen ha oppfylt ein del klare måltal som styret har fastsett.

– Har fylgt retningslinene

På spørsmål om ein slik lønnsavtale er eit rett signal å sende ut, svarte Mejdell dette:

– Det var naudsynt å tilby han denne lønna for å få han til å ta jobben. Sidan har Isaksen leidd Vy gjennom ei stor omstilling, og vi har fylgt statens retningsliner for slike avtalar. Eg trur det er rett å diskutere statlege leiarlønningar, men vi må også tenkje på at vi skal ha dei beste leiarane. Og då må vi kunne tilby konkurransedyktig lønn.

Geir Isaksen var også gjest i Dagsnytt 18. Han karakteriserte avtalen som fin og fleksibel, og han lovde samstundes å gi meir tilbake til Vy enn det han tek ut i lønn.

– Eg fekk ein avtale då eg starta, og eg held meg til denne. Eg er glad for vilkåra i avtalen, og eg skal levere for lønna, sa han blant anna.

I eit intervju med NRK etter debatten i Dagsnytt 18 sa Isaksen at han synest det er litt snålt at hans lønn som konsulent etter han har gått av etter 8-9 år som toppsjef, blir eit hovudpoeng i denne debatten.

– Ikkje mogleg i dag

Fleire politikarar har reagert på at statlege selskap inngår slike avtalar med toppleiarane. Ein av dei er stortingsrepresentant Terje Aasland frå Arbeidarpartiet. Han viste til at medan vanlege menneske i fjor hadde ein lønnsvekst på 2,9 prosent, så hadde leiarane i 16 statlege selskap ein lønnsvekst på over ti prosent.

Aasland etterlyste nye retningsliner for offentlege leiarlønningar, men stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen frå Høgre repliserte at retningslinene vart endra alt i 2015. Han seier at ein slik avtale Geir Isaksen fekk i 2011, ikkje ville ha vore mogleg i dag.

Nær 50 direktører med millionlønn styrer Jernbane-Norge

SISTE NYTT

Siste meldinger