Vurderer lovendring for Norwegian

Regjeringa vurderer regelendring slik at Norwegian kan tilsette asiatiske flyvertinner.

Norwegian-fly på Gardermoen

Norwegian satsar stort og skal inn i langdistanse-marknaden. Nye flyruter til Asia blir eitt av dei nye tilboda.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Etter at dei kabintilsette og og Norwegian kom fram til ei semje i natt, er Regjeringa i ferd med å ta stilling til eit langt viktigare spørsmål for framtida til Norwegians servicepersonell.

Nemilg kven som skal få lov til å jobbe i kabinen når Norwegian startar opp langruter. Nordmenn eller asiatar?

Tøff konkurranse

Norwegian satsar stort og skal inn i langdistanse-marknaden. Nye flyruter til Asia blir eitt av dei nye tilboda.

Etter gjeldande reglar i utlendingslova, kan ikkje eit norsk flyselskap tilsette personar som kjem frå land utanfor EU/EØS utan at dei har arbeids- og opphaldsløyve i Noreg.

Men når Norwegian for alvor blir ein internasjonal aktør, skal dei konkurrere med selskap som Thai og Qatar Airways.

Når desse selskapa brukar asiatiske flyvertinner og flyvertar får dei langt billegare arbeidskraft enn den europeiske arbeidskrafta Norwegian kan rekne med å få etter dagens regelverk.

Difor har det norske flyselskapet vendt seg til Regjeringa og bede om ei endring i forskriftene til utlendingslova. Slik at dei kan tilsette kabinpersonell lokalt i Asia og bruke desse på rutene mellom Skandinavia og Asia.

«Vi har påpeika overfor Arbeidsdepartementet ei forskjellsbehandling i forhold til andre flyselskap som flyr inn til Noreg og som vi skal konkurrere med», skriv Norwegians kommunikasjonsdirektør Anne-Sissel Skånvik til NRK.

Møtte Norwegian-leiinga

Gina Lund

Regjeringa vil ikkje endre lov eller forskrift utan at aktuelle partar er blitt høyrde først, seier Gina Lund.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Spørsmålet har versert i Arbeidsdepartementet sidan i vår, og førre veke uttrykte fagforeininga Parat at dei var uroa for at det ville kome ei kjapp forskriftsendring.

På spørsmål frå NRK understrekar departementet at regjeringa ikkje vil endre lov eller forskrift utan at aktuelle partar er blitt høyrde først. Men saka er no høgt på agendaen. Denne veka har departementet diskutert spørsmålet om regelendring med Norwegian-leiinga.

– Eg kan stadfeste at vi har hatt møte med leiinga i Norwegian mandag, og Parat tysdag. I møtet har både Norwegian og Parat gitt uttrykk for sine synspunkt, melder statssekretær Gina Lund (Ap) i Arbeidsdepartementet skriftlig til NRK.

Departementet vil ikkje gje fleire detaljar om kva som har vore diskutert på møta.

Dermed er det framleis høgst usikkert om regjeringa vil gå inn for å endre regelverket for å styrke Norwegians konkurransekraft i internasjonal luftfart, eller om dei vil lytte til fagforeininga Parat som fryktar for framtida til norske arbeidstakarar.

Les: – Ser ut som Norwegian omgår skatter og avgifter

Fryktar endring

Nestleiar Vegard Einan i Parat er nemlig svært uroa for konsekvensane dersom Regjeringa går med på den endringa Norwegian jobbar for.

– Vi fryktar det vil bety slutten for europeiske arbeidstakarar, dei vil bli utkonkurrerte av låge asiatiske lønningar, seier Einan til NRK.

Han fryktar at ei regelendring som denne på sikt vil føre til at asiatar kjem til å arbeide også på reine skandinaviske flyruter, og at dei dermed presser lønningane nedover.

– Men er det ikkje rimelig at Norwegian får konkurrere på like vilkår med selskap som Qatar og Thai på ruter mellom Skandinavia og Asia?

– Eg vil heller snu på det. Når ikkje British Airways, Lufthansa og KLM gjer dette, kvifor skal då Norwegian?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger