Hopp til innhold

– Heller bru over Oslofjorden enn Sognefjorden

– Det er opplagt at vi må få bru over Oslofjorden før Sognefjorden, seier Vibeke Hammer Madsen, administrerande direktør i Virke. Ho er bekymra for at bruprosjekt på Vestlandet blir prioritert i Nasjonal Transportplan.

Bro over Oslofjorden er mye viktigere enn bro over Sognefjorden, mener hovedorganisasjonen Virke, som kaller det en skandale hvis hovedstadsområdet IKKE får penger til å oppgradere E18, mens det brukes milliarder på bruprosjekt langs vestlandskysten.

Virke om Nasjonal Transportplan

– Når ein snakkar om å bygge ei bru over Sognefjorden, der vi enno ikkje har teknologien, og trafikkgrunnlaget er mykje mindre enn vi ser i Osloregionen, er det opplagt at vi først må få bru over Oslofjorden, seier Vibeke Hammer Madsen, administrerande direktør i hovudorganisasjonen Virke.

Bekymra over lekkasjane

Madsen er på vegner av næringslivet bekymra etter regjeringa sine lekkasjar frå Nasjonal Transportplan.

Store delar av rammen blir truleg bunden opp mot bruprosjekt på Vestlandet.

Også fylkesordførar i Akershus, Nils Aage Jegerstad, meiner rikspolitikarane ikkje forstår storbyutfordringane.

– Nedprioriterer Oslo

Nils Aage Jegestad, fylkesordførar i Akershus

FRYKTAR: Fylkesordførar i Akershus, Nils Aage Jegerstad, fryktar at rikspolitikarane nedprioriterer storbyen i Nasjonal Transportplan.

Foto: NRK

– Det verkar som ein fokuserer mykje meir på andre område i landet enn Oslo og Akershus. Det kan ein trekkje ein bekymra konklusjon av, at ein ikkje er interessert i storbyane, seier Jegerstad, som har ansvaret for kollektivtilbodet og fylkesvegane rundt hovudstaden.

– Det er noko av det vi fryktar, at vi får ein nasjonal transportplan som ikkje tek innover seg ein storbypolitikk, for det er det absolutt behov for, held han fram.

Fredag legg regjeringa fram Nasjonal Transportplan, men delar av den har allereie blitt lekkt mange veker før.

Sidan byrjinga av mars har regjeringsmedlemar sleppt bitar av transportplanen med jamne mellomrom.

Ferjefritt E39

Det største løftet var ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim i løpet av 20 år.

Ein begeistra partileiar Liv Signe Navarsete (Sp) kunne fortelje at regjeringa lovar at vegen med bruer over fleire vestlandsfjordar skal byggjast i løpet av 20 år. Prislappen er 150 milliardar kroner.

Eit par veker seinare kom nyhenda om at regjeringa vil løyve ein milliard kroner til Stad skipstunnel, også ei storsatsing for Vestlandet.

Tysdag 9. april kom SV-leiar og bergensar Audun Lysbakken til heimbyen og lovde eit løft på 5.2 milliardar kroner for Bergensbanen. Torsdag melde Bergens Tidende at regjeringa også vil gi klarsignal for ei ny bru til Sotra.

Reagerer på Virke-direktøren

Ei bru over Sognefjorden i Sogn og Fjordane er sjølve symbolet på eit ferjefritt E39.

Utspelet frå Virke-direktør Hammer Madsen vekker reaksjonar frå samferdselspolitikar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

– Dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er samla bak kravet om E39 som binder saman regionen, slik at vi får ein god veg og utnyttar ressursane, seier Følling.

Nasjonal Transportplan skal behandlast i Stortinget 18. juni, og det blir noko av det siste Stortinget gjer før det går frå kvarandre etter denne fireårsperioden.

Video: I Sogn og Fjordane er bru over Sognefjorden viktig:

Ei bru over Sognefjorden i Sogn og Fjordane er symbolet på eit ferjefritt E39. Utspelet frå Virke-direktør Hammer Madsen vekker reaksjonar frå samferdselspolitikar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Fylkespolitikarar reagerer på Virke-utspel om NTP

AKTUELT NÅ