Oslo politidistrikt søkte i november i fjor om mellombels væpning av politiet, etter at Justis- og beredskapsdepartementet godtok at politiet på Oslo lufthavn skulle få bere våpen av omsyn til beredskapen.
Torsdag kveld kom justisminister Tor Mikkel Wara til Stortinget for å gjere greie for at han har sagt ja til at utvalde politipatruljar i hovudstaden skal kunne bere våpen. Ordninga gjeld for tre månader.
– Formålet er å gjere politiet i stand til å avverje og avgrense terroråtak, sa Wara frå talarstolen på Stortinget.
Det er politimeisteren i Oslo som skal avgjere kva patruljar som skal bere våpen.
Stortinget vedtok 6. juni at politiet utan tidsavgrensing kunne bere våpen på utsette stader som Oslo lufthavn, trafikknutepunkt og viktige bygg.
Foto: Lokman Ghorbani / NRKWara varsla også at han ville fremje eit lovforslag for Stortinget, som kan opne for at ordninga kan bli permanent og utvida.
Stortinget vedtok 6. juni permanent væpning av politi på utsette stader som Oslo lufthavn, trafikknutepunkt og viktige bygg, utan tidsavgrensing, ifølgje Politiforum.
Fryktar konsekvensane
Petter Eide (SV) seier dei ikkje er i mot at politiet ber våpen på hofta når det er ein konkret terrorfare. Men han er kritisk til at vi no er i ferd med å få generell og permanent væpning i utvalde område.
– Eg meiner justisministeren er i ferd med å snikinnføre permanent væpna politi. Og eg fryktar dette skal føre til fleire skyteepisodar og farlege situasjonar.
Eide seier dei i staden ønsker den ordninga vi har i dag med våpen innelåst i politibilen, såkalla framskoten lagring.
Petter Eide (SV) meiner justisministeren er i ferd med å innføre permanent væpning av politiet, og fryktar det skal oppstå fleire farlege situasjonar i kjølvatnet av det.
Wara avviser skuldingane om snikinnføring av generell væpning, men seier at det er mest ryddig om ein kan få ein lovheimel å ta omsyn til.
– I staden for at Justisdepartementet stadig må fornye ei mellombels løyve, meiner eg det er meir ryddig at dette er fastsett i lov. Difor vil eg fremje ei sak, slik at Stortinget skal få diskutert denne saka grundig.
Han lova også å halde Stortinget orientert om framdrifta i arbeidet.
Steil debatt
Det har vore mykje debatt rundt væpning av politiet. Frå november 2014 til februar 2016 bar politiet våpen mellombels. Men i mars 2017 konkluderte eit utval med at det beste ville vere at ordninga med at politiet hadde våpenet innelåst i bilen blei vidareført.
Forslaget blei støtta av Politidirektoratet, men møtte motstand frå blant andre Riksadvokaten og Politiets Fellesforbund. Sjefen for PST, Marie Benedicte Bjørnland, sa at væpning av politiet var viktig for terrorsikringa.
– PST ser at faren for terror har endra seg vesentleg dei siste åra. Det norske samfunnet må ta omsyn til at terror kan skje også her til lands, sa ho til NRK.
- Les: