Med sjølvkøyrande bussar, bildeling og grøne tak vil Arbeidarpartiet forplikte dei store, norske byane i gå føre for å redusere klimagassutslepp.
– Flest folk bur i by. Derfor er det der potensialet finst til å tenkje nytt innan transport, bygging og innovasjon. Slik kan vi få ned utsleppa med 40 prosent innan 2030, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Blitt einig om ti punkt
VIL DELE: Byrådsleiar i Bergen Harald Schjelderup, AP-leiar Jonas Gahr Støre, byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen, Tromsø- og Trondheim-ordførar Rita Ottervik.
Foto: APSaman med Arbeidarparti-ordførarane og byråd i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har Støre blitt einig om ti punkt som dei meiner skal vere Noreg sitt bidrag til klimakutt.
Til gjengjeld vil Støre at staten skal ta 70 prosent av kostnadane for kollektivutbygging. Han overbyr dermed dagens regjering i statleg finansiering av buss, trikk og bane i byområda.
– Vi ynskjer at det skal vere eit spleiselag mellom staten og dei største byane, då får vi til resultat som fungerer.
Dette vil Arbeidarpartiet gjere gjennom å stille miljøkrav til prosjekta. Eksempel på dette er bustadbygging rundt kollektivknutepunkt.
Solvik-Olsen: – Dette går ut over distriktsvegane
SKEPTISK: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner 50 prosent er
Foto: Jørgen Leangen / NRKSamferdselsminister Ketil Solvik-Olsen lar seg ikkje overtyde av Støre sitt engasjement for kollektivtrafikk.
– Alle gongane Støre har vore i regjering har han levert stort sett null kroner til denne typen tiltak, seier han.
Solvik-Olsen forsvarer samtidig regjeringa sin politikk på inntil 50 prosent delfinansiering av kollektiv i storbyane, noko han meiner er meir realistisk.
– Ein høgare prosent vil resultere i dårlegare vegar, meir bompengar, distriktskutt og liknande, seier han.
FRAMTIDA? Statsminister Erna Solberg og Jonas Gahr Støre fekk teste sjølvkøyrande buss på IKT-Norge sin årskonferanse. Dette er framtida, meiner Støre.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixVil ha sjølvkøyrande kollektivtrafikk
– Storbyane har ei viktig rolle i å stimulere til innovasjon, seier Støre.
Han meiner utvikling av førarlause bilar, bussar, t-baner og trikkar kan redusere behovet for å eige eller bruke eigen bil, og vil satse på dette som eit av punkta på Arbeidarpartiet si liste over bytiltak.
POSITIV: Raymond Johansen, byrådsleiar i Oslo, seier ja takk til meir statleg finansiering av hovudstaden.
Foto: Simon Skjelbostad Yset / NRKByrådsleiar i Oslo Raymond Johansen (Ap) støttar forslaget og initiativet frå Støre.
– Byane veks og veksten skal vi ta med kollektiv, sykkel og gange. I Oslo er det over 50 prosent som brukar kollektiv til jobb, seier han.
Han peikar på sentrumstunnel i Oslo som eit av prosjekta som kunne hatt godt av større statleg finansiering.
– Lukkast vi med dette får det stor effekt for heile landet og vi når klimamåla vi har sett oss, seier Støre.