Vil mobilisere Europarørsla etter misvisande Acer-debatt

Nei til EU har vekse kraftig gjennom Acer-debatten, no vil Europarørsla hente inn gamle og nye krefter mot det dei meiner er ein debatt prega av symbolikk og feilinformasjon.

EU-jubileum i 2017

JA TIL EU: Europarørsla vil mobilisere for å bli ei sterkare motvekt mot krefter mot europeisk samarbeid. Bilete frå EUs 60 års jubileum i 2017.

Foto: Europeisk Ungdom

– Eg trur mange av oss vart overraska over kva kraft Acer-debatten fekk, seier Heidi Nordby Lunde, leiar for Europarørsla og stortingspolitikar for Høgre.

Ho peikar på argument frå kritikarane som at straumprisane vil auke, at Noreg kan bli tvungen til å byggje kablar til Europa og inngripen over norsk suverenitet.

Heidi Nordby Lunde, leiar i Europabevegelsen
Foto: Europeisk Ungdom

– Dette meiner eg er misvisande argumentasjon som har prega debatten, seier Nordby Lunde.

No inviterer Europarørsla og Europeisk Ungdom alle som har hatt tilknytning til organisasjonen å samle seg som ei motvekt.

«Hvor dypt EU-motstanden sitter i Norge og hvor lett det er å mobilisere rundt symbolske begreper som "arvesølv" og tap av sjølråderett" [ ...] gjør det nødvendig å mobilisere en motvekt» står det i invitasjonen.

– Hersketeknikk frå Europarørsla

Nei til EU har vekse med 2000 nye medlemmar i 2018, og er no oppe i 22 000 medlemmar. Leiar i organisasjonen, Kathrine Kleveland, reagerer på merkelappen frå Europarørsla.

Kathrine Kleveland er leder for Nei til EU

I VEKST: Leiar i Nei til EU, Kathrine Kleveland, meiner dei har sikra ein god debatt. Ho er også politikar for Sp.

Foto: Hallvard Norum / NRK

– Dette er velkjent hersketeknikk. At vi argumenterer med kjensler, medan ja-sida hevdar å ha alle fakta. Dei stemplar oss som kunnskapslause og feilinformerte. I Acer-saka dreier det seg om suverenitetsavståelse på eit viktig felt, som mange er oppteken av; nemleg energipolitikken vår, svarer ho.

– Har det ikkje vore noko misvisande informasjon frå nei-sida?

– Det har vore veldig mange som har sagt og skrive mykje i Acer-debatten, så eg skal sjølvsagt ikkje seie at noko ikkje har vore feil. Samtidig meiner eg vi punkt for punkt har vist at vi har fakta med oss.

I mars faktasjekka nettstaden faktisk.no fleire av påstandane til Acer-kritikarane. Dei slo blant anna fast at Acer ikkje kan tvinge Norge til å bygge nye kraftkablar til utlandet og at det er andre faktorar som påverkar straumprisane. Nei til EU svarte med si eiga faktasjekking.

– Enkelte av framstillingane til faktisk.no var misvisande, blant anna om kva miljørørsla meinte, seier Kleveland.

Turid Birkeland med sin hjemmelagde "Ja Til EU"-plakat.FOTO : INGAR JOHANSEN

JA ELLER NEI: EU-debatten har alltid vore full av kjensler. Her frå markering på Youngstorget i Oslo i 1994. Til høgre står tidlegare kulturminister frå Ap, Turid Birkeland, med sin heimelaga "Ja til EU"-plakat.

Foto: NTB scanpix

– Burde ha stoppa rykte

Leiar i Europeisk Ungdom, Knut André Sande, tvilar ikkje på at Nei til EU vil ha ein sakleg debatt, men meiner dei kunne gjort meir for å avkrefte falske rykte om energisamarbeidet.

Knut André Sande, leder i Europeisk Ungdom

RYKTE: Leiar i Europeisk Ungdom, Knut André Sande, meiner Nei til EU i større grad burde ha motarbeida misvisande Acer-fakta.

Foto: Europeisk Ungdom

– Mange misvisande rykte spreidde seg, blant anna om straumprisar, seier han.

– Men er det ikkje mykje som er usikkert, og derfor ei reell frykt?

– Nei-sida blandar saman ulike spørsmål, og bruker Acer for å fremme ein generell EU eller EØS-debatt, som ikkje har noko med Acer å gjere, seier han.

Nei til EU seier dei har lagt inn mykje ressursar i saka.

– Vi har verkeleg gjort vårt for at dette skulle bli ein god offentleg debatt. Når fleirtalet i det norske folk gang på gang i ulike meiningsmålingar over 13 år seier nei til norsk EU-medlemskap, så er det ein grunn til den skepsisen, seier Kleveland.

Vi forklarer på to minutter.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger