Hopp til innhold

Høgre vil mjuke opp språkreglar i staten

Programkomiteen i Høgre går inn for å mjuke opp språkreglane i staten ved at bokmålsbrukarar skal sleppe å svare på brev på nynorsk.

Bent Høie

Bent Høie vil ikkje at statlege byråkratar skal måtte bruke meir enn ei målform.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Systemet i dag er tungvint. Eg synest at vi i større grad skal respektere val av språkform, at vi lærer å lese og forstå kvarandre sine målformer, i staden for å tvinge andre til å skrive den målforma vi har valt, seier leiar i programkomiteen i Høgre, Bent Høie.

– Tid og byråkrati

Han synest ordninga som gjeld i dag er tungvint. Det er målbrukslova, sist oppdatert i 1980, som Høgre no vil til livs.

Knut Aarbakke

Leiar Knut Aarbakke i Akademikerne ser ikkje på den gjeldande ordninga som eit problem for hans medlemer.

Foto: Marit Grut / NRK

I lova står det at statlege organ skal svare på brev frå privatpersonar, firma og andre organisasjonar i den målforma som brevet kom i. Dessutan gir lova kommunar og fylkeskommunar høve til å krevje ei viss målform frå staten.

– Dei fleste av oss beherskar ei skriftleg form godt, og så er det veldig stor variasjon når det gjeld den andre. Dette er ingen styrke for språket vårt, og det krev mykje tid og byråkrati. Og det ynskjer vi å bli kvitt, seier Høie.

– Ikkje eit problem

Knut Aarbakke er leiar i fagforeininga Akademikerne, som organiserer mange statstilsette saksbehandlarar, og han opplever ikkje målbrukslova som eit problem for byråkratane i staten.

– Basert på dei tilbakemeldingane vi får, eller heller dei tilbakemeldingane vi ikkje får, så er ikkje dette noko problem, seier han.

Leiaren i Noregs Mållag, Håvard Øvergård, er sjølv ein aktiv medlem i Høgre, og han er sterkt usamd med partifellen Bent Høie. Han trur det første og fremst er nynorskbrukarane som då vil sjå språket sitt forsvinne.

Håvard Øveregård

Håvard Øvregård er leiar i Noregs Mållag og aktiv medlem i Høgre.

Foto: Norges Idrettsforbund

– Vi har nynorsk og bokmål som to nasjonale språkformer her i landet. Det at staten nyttar begge to er heilt avgjerande for at nynorsk og bokmål blir oppretthaldne som nasjonale språk, seier Øvergård.

Kulturelle tradisjonar

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa over sitt eige parti i denne saka.

– Eg vil tru at partiet er meir oppteke av den enkelte borar og ikkje den enkelte byråkrat sitt forgodtbefinnande. Eg vil tru at partiet bryr seg om kunnskap og språkkunnskap, at ein skal kunne mest mogleg, og at Høgre er eit parti som vil ta vare på kulturelle tradisjonar, seier han.

Han legg til at han håpar at forslaget ikkje vil få fleirtal i partiet.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT